SLT står for samordning av lokale rus- og kriminalitetsførebyggjande tiltak og blei oppretta i Forsand kommune i mai 2004. SLT er ein samordningsmodell der målet er å få mest mogeleg ut av allereie iverksatte tiltak for barn og unge mellom 12 – 18 år ved at dei ulike seksjonane samarbeider, støttar og utfyller kvarandre.
Fokus på det førebyggjande arbeidet er å hindre at rus og kriminalitet får utvikle seg blant barn og unge i Forsand kommune.
Styringsgruppa består av:
Styringsgruppa har ansvar for overordna koordinering av det lokale førebyggjande arbeidet og for framdrifta i SLT arbeidet. Styringsgruppa fungerer også som Politiråd i Forsand kommune. Styringsgruppa har minimum 2 møter i året.
SLT Handlingsplan finn du her.
Dersom du har forslag til aktuelle tema eller andre innspel til SLT arbeidet, så kan du ta kontakt med SLT koordinator Torill Idland tlf: 51 70 00 00.