A A A Normal Lo-Fi 6 stjerner
Preikestolen © Perly Berge

Økonomisk rådgjeving i Forsand

Kommunen yter økonomisk rådgjeving til dei som har betalingsproblem eller gjeldsproblem. Rådgjevinga kan vere hjelp til å setje opp eit realistisk budsjett, men kan og være forhandling med kreditorar og hjelp til å inngå ei gjeldsordningsavtale. NAV har oppretta ei landsdekkande telefonteneste som skal gi enkel veiledning. 

Økonomirådtelefonen: 800 45 353

   

Målgruppe:

Personar med økonomiske problemer / gjeldsproblem

Vilkår:

Du skal sjølv etter beste evne prøve å komme fram til ei ordning med kreditor.

Pris for tenesta:

Tenesta er gratis.

Brosjyrer, dokument,kart og liknande:

Økonomirådstelefonen i NAV

Lover og retningslinjer

Dette er ei lovpålagt teneste.

Forvaltningsloven
Gjeldsordningsloven § 1-5
Sosialtjenesteloven § 4-1
Gjeldsordningsloven - veiledende livsoppholdssatser

 

Veiledning - korleis få utført eller motta tenesta:

Kontakt kommunen om du treng hjelp til å styre økonomien din eller om du har gjeldsproblem.

Vedlegg:

Til første møte bør du ha med deg følgjande:

  • Kopi av dei tre siste lønns-/trygde-/stønadsutbetalingane (sjekk om det er gjort trekk for dekning av gjeld på disse utbetalingane)
  • Kopi av kvitteringar for utgifter som vurderast som store, eller andre kvitteringar som det er grunn til å sjekke
  • Kopi av likningsattest
  • Kopi av skatteoppgjer og utskrift av likninga for siste skatteår
  • Årsoppgåver (i samband med sjølvmeldinga) fra långiverne
  • Årsoppgåver i samband med bidragsgjeld
  • Ev. utleggsbegjæringer
  • Ev. innkalling til forliksrådet
  • Oversikt over pant som heftelser ved eigen bustad
  • Oversikt over pant som heftelser ved eigen bil

 

Saksbehandlingstid:

Kommunen har plikt til å behandla saka så snart som mogleg.

Web levert av CustomPublish AS Innlogging intranett