A A A Normal Lo-Fi 6 stjerner
Preikestolen © Perly Berge

Forsand kyrkjekontor

Kyrkjekontoret held til i kjellaren på kommunehuset. Prest, organist, kyrkjeverge og kyrkjelydsarbeidar har sin kontorplass her. Me som jobbar her har kvart vårt arbeidsområde, men fungerer òg som team der for eksempel planlegging av gudstenester alltid er noko me gjer felles. Elles er folket her litt på farten rundt i soknet, men me prøver å ha ein på kontoret til ei kvar tid.

FORSAND KYRKJEKONTOR Tlf 51 70 01 70 E-post: kyrkjekontoret@forsand.kommune.no

Opningstida er kvardagar frå 08.30 – 14.00

Heimeside: Forsand kyrkje

DÅP

Ønskjer du å bestille dåp så ta kontakt med kyrkjelydsarbeidar eller prest. I Forsand er som regel alle gudstenester opne for dåp, men sjølvsagt er det enkelte gudstenester som passar betre enn andre. Når dato er bestemt, vil presten ta kontakt for eit heimebesøk før dåp. Dersom de heller har lyst å koma her på kontoret er det greit.

KONFIRMASJON

Alle elevar i 8 klasse vil i slutten av skuleåret få invitasjon til å vera med på konfirmantførebuingar. Soknerådet i Forsand ønskjer at ”konfirmantåret skal hjelpe konfirmantane til å vekse i trua og lære Jesus betre å kjenne”. I strategiplanen for kyrkjelydens arbeid heiter det vidare at ein ønskjer ”eit konfirmantopplegg som er både relevant, utfordrande og allsidig”. Det at konfirmantopplegget skal vere relevant. inneber at det konfirmantane er med på, skal kommunisere på ein forståeleg måte, og at ein ønskjer å møte konfirmantane der dei er. Samtidig er det ønskjeleg at konfirmantopplegget utfordrar konfirmantane til å reflektere over eigne meiningar og haldningar. Det vil og vere viktig at konfirmantopplegget er allsidig,og at konfirmantane får ta i bruk heile seg.

VIGSEL

Prestegjeldet har ein koordinator når det gjeld vigsel, datoar o.a. Ta kontakt med Liv Åse Gard tlf. 51 74 11 30 på Strand kyrkjekontor når du/de vil bestille vigsel. Vigsel i Forsand kyrkje er gratis, med mindre ingen av brudefolka bur eller har foreldre som bur i soknet.

GRAVFERD

Ved dødsfall er det mest vanleg å ta kontakt med eit gravferdsbyrå. Dei vil då ordna det praktiske rundt gravferda. Dersom det er nskjeleg kan familien ta seg av dette sjølv. Ta kontakt med yrkjevergen for informasjon.

SAMTALE MED PREST

Ønskjer du samtale med prest er det lurt å avtale på førehand. Ring presten på mobil, eller kontortlf. så finn de tidspunkt som passar for begge. Elles kan me informere om at alle som arbeider i kyrkja har taushetsplikt.

SPØRSMÅL TIL KYRKJEBOKA, SKRIVING AV ATTESTAR

Treng du attestar frå kyrkjeboka, anten det gjeld dåp, vigsel eller død er det bare å ta kontakt.

KYRKJEGARDEN

Har du spørsmål vedr. kyrkjegarden er det kyrkjevergen som er den beste til å svara på dei. Ønskjer du stell av graver går det an å bestille hos oss. Arbeidet blir utført av uteseksjonen på teknisk drift

GUDSTENESTER

Kyrkjelyden Forsand legg vinn på varierte og inkluderande gudstenester som flest mogleg kan kjenne seg heime i. Samstundes ønskjer vi at samlingane i Guds hus skal opplevast relevante for trua vår og for kvardagslivet. Vi ønskjer at gudstenesta skal vere eit høgdepunkt i veka og at kyrkjelyden skal oppleve gudstenesta som si! Det er 3 gudstenester i månaden i Forsand kyrkje.

FORSAND KYRKJE

Kyrkja blei bygd i 1854. Mykje av reisverket blei hogd med øks - det meste truleg utført av Nils Lyse Kyrkja er rektangulær - typisk stilart for denne tida. Opphaveleg var kyrkja umåla, utan elektrisk straum og orgel. Seinare fekk kyrkja belgorgel og koksomnar. I 1931 fekk kyrkja ny altertavle og måleri rundt preikestolen. Dette er måla av Frank Wathne I 1952 fekk kyrkja elektrisk straum. Nytt orgel vart innvia i 1955. I 1992 blei det bygd nytt bårehus og laga parkeringsplass.

I 2004 blei det gjort omfattane ombygging inne. Det blei sett inn nytt orgel framme i koret, koret blei større og preikestolen blei senka og flytta inn til veggen. Preikestolen blei òg endra tilbake meir slik den var før 1931. Måleria blei tatt bort og det gamle korset som var malt rett på preikestolen kom fram igjen. Alt arbeidet blei utført før 150 års jubileet til kyrkja som var 14. november

LYSE KAPELL

Kapellet stod ferdig i 1961, og blei vigsla av biskop Fridjov Birkelid 28. mai. Kapellet er teikna av arkitektfirmaet Helland og Årreberg. Firmaet la vekt på dei spesielle naturforholda i Lysebotn, noko som gjer at kapellet har fått høge, spisse gavlar som fell naturleg inn i terrenget. Kapellet har våpenhus, midtskip og kor, og på brystveggen er det eit enkelt trekors. Vegger og tak er kledd med trepanel, og det er jærstolar i midtskipet. Tårnet er bygd for seg sjølv, men er bunde til hovudbygget med eit lite mellombygg. I kjellaren er det matsal, kjøkken og garderobe.

Ansatte ved kyrkjekontoret. Mus over utheva namn for å se og sende e-post.
Stilling Namn Telefon Mobil
Sokneprest Ole Wollert Meyer 51 70 01 73 41 56 17 37
Kyrkjeverge Siv Fossan  51 70 01 71 92623180
Kyrkjelydsarbeidar Irene Idland Thu 51 70 01 72 91703726
Organist Hege Tungland Langbakk   40 06 19 84
Kyrkjetenar Tsegaye Degefa    
Web levert av CustomPublish AS Innlogging intranett