A A A Normal Lo-Fi 6 stjerner
Preikestolen © Perly Berge

Leiargruppe

Rådmannen

Rådmannen er øvste administrative leiar i kommunen og skal sjå til at sakene som vert lagt fram for dei folkevalde organar er forsvarleg utgreidd, og at vedtak blir satt i verk.

Rådmannen har rett til å møte og komme med framlegg i alle politiske utval, unnateke kontrollutvalet. Kommunestyret har gitt rådmannen fullmakt til å treffe vedtak i ei rekkje saker som ikkje er av prinsipiell betydning. For å gjennomføre arbeidsoppgåvene delegarer rådmannen sine fullmakter vidare til administrasjonen.

Kommuneloven pålegg kommunane å drive aktiv informasjon om den kommunale verksemda. Kommunen sin nettside er ein viktig del av detta arbeidet.


Rådmann i Forsand kommune er Søren Jensen.

tlf: 51 70 01 20

mail: sje@forsand.kommune.no



Rådmannen si leiargruppa består av rådmann og organisasjonssjef Audun Grødem.

Web levert av CustomPublish AS Innlogging intranett