A A A Normal Lo-Fi 6 stjerner
Preikestolen © Perly Berge

Radon - tid for ny måling?

Kommunelege Anja Ammicht minner om at det er helserisiko og høg sannsynlegheit for auka radonutslepp fleire stader i kommunen. Ammicht oppmodar publikum til å nytte avtalen Forsand kommune har inngått med samarbeidspartnar for å få reduserte prisar på målepakkar for radon:

Radon

Radon er ein flyktig gass som lett slepp gjennom fundament og vegg i bygningar, om ein ikkje har sett i verk radonforebyggjande tiltak.

Forsand kommune har gjennom kartleggjing slått fast at store delar av grunnen i kommunen har mykje radonutslepp. Det blei i kartleggjinga målt radonverdiar i inneluft som ligg over helserisikogrensa, og anbefalt tiltaksgrense.

Forsand kommune arbeidar vidare med kartleggjing av radonkonsentrasjon i kommunen og tilbyr gunstige radonmålingar gjennom samarbeidspartnar.

Miljøretta helsevern har inngått ein kontrakt med Radonassistanse AS om reduserte prisar til alle innbyggjarane i medlemskommunane ved kjøp av brikke for måling av radon. Prøvesvar vert rapportert til huseigar og til kommunen for vidare kartleggjing.

Kommunane Eigersund, Finnøy, Forsand, Gjesdal, Hjelmeland, Hå, Klepp, Kvitsøy, Lund, Randaberg, Rennesøy, Sandnes, Sokndal, Sola, Stavanger, Strand og Time samarbeidar med Radonassistanse AS om radonmålingar i bustader.

Samarbeidet går ut på at innbyggjarane får reduserte prisar, medan kommunane får informasjon om måleresultata.  Arbeidet er eit ledd i å få kartlagt radonførekomst i kommunane.

Målingane bør skje i fyringssesongen, helst mellom oktober og april, og er svært enkle å foreta.

I 2009 ble tiltaksgrensa for bustader redusert frå 200 Bq/m³ til 100 Bq/m³.

Radon er ein radioaktiv gass som kan gi helseproblem når den forekommer i for høge konsentrasjonar i inneluft. Nest etter røyking er radon den viktigaste årsaken til lungekreft.

Ei målepakke for måling i to rom kostar kr. 375,- inkl. porto. Dette må huseigar sjølv betale. Du kan bestille målepakke hjå Radonassistanse AS, meny Kampanje, brukernamn HELSE, passord 2011, eller på tlf. 954 51 488.

Ønsker du enkel og kontinuerleg måling av radonnivået kan du sjå nærare på målarar frå Airthings.com.

For meir informasjon om radon i inneluft, sjå Rogaland brann og redning eller Statens Strålevern sine informasjonssider: Radon.

Her kan du lese rapporten frå kartleggjinga i 2003: Radon i Forsand, Statens strålevern

 
 
Web levert av CustomPublish AS Innlogging intranett