Ryfylkebiblioteket Forsand
Biblioteket ligg i 2.etasje i Forsand kulturhus. Biblioteket er opent tysdag, onsdag, torsdag og fredag. I feriar og høgtider kan opningstidene være reduserte.
Alle får lånekort, men born under 15 år må ha samtykke frå føresette. Lånekortet gjeld automatisk på dei andre 5 ryfylkebiblioteka.
Du kan låne på eit bibliotek og levere på eit anna – også utanfor Ryfylke.
Materiale biblioteket ikkje har fjernlånast gratis frå andre bibliotek – også frå universitets- og høgskulebibliotek.
Med lånekort og PIN frå biblioteket får du tilgang til ebøker via appen eBokBib og gratis strømming av film via filmbib.no
Ryfylkebiblioteket Forsand er eit kombinert skule- og folkebibliotek og del av Ryfylkebiblioteket. Ryfylkebiblioteket er eit samarbeid mellom biblioteka i Forsand, Strand, Hjelmeland, Finnøy, Suldal og Sauda.
Kontakt:
tlf: 51700214 e-post: biblioteket@forsand.kommune.no
nett: www.ryfylkebiblioteket.no, også mobilversjon
Ryfylkebiblioteket Forsand, Espedalsv.156, 4110 Forsand