A A A Normal Lo-Fi 6 stjerner
Preikestolen © Perly Berge

Ausekaret

Forsand kommune sin kultur og miljøpris Ausekaret blir delt ut av formannskapet annakvart år etter grunngjeve forslag. Neste gong Ausekaret vert delt ut er hausten 2014.

I k-sak 18/92 og 131/93 er det vedtatt følgjande statuttar for prisen:

"Forsand kommune kan annakvart år dele ut ein kultur- og miljøpris. Prisen skal vere ei påskjønning til ein person, eit lag eller andre som har utført eit særleg verdifullt arbeid på kulturområdet eller i nærmiljøet i Forsand kommune"

"Prisen sin storleik blir fastsett i budsjettet. Det er muleg å overføre beløpet. I tillegg blir det delt ut eit diplom (handskore ausekar) med prisvinnaren sitt namn på"

"Prisen skal kvart år gjerast kjent ved oppslag, og skal delast ut av formannskapet etter forslag frå utvalet eller andre. Tildelinga skjer i samband med eit kulturarrangement på hausten"

"Medlemmer av formannskapet kan ikkje motta Forsand kommune sin kultur- og miljøpris i den perioden dei er innvalt i utvalet"

Web levert av CustomPublish AS Innlogging intranett