A A A Normal Lo-Fi 6 stjerner
Preikestolen © Perly Berge

Næringsliv

 

Forsand kommune har eit variert næringsliv.

Forsand er frå naturen si side ein ressursrik kommune, der sandindustrien og vasskraftproduksjonen saman med jordbruket har vore bærebjelkane for kommunen sitt næringsliv gjennom det siste hundreåret.

Forsand sitt næringsliv er i stor grad tufta på naturgrunnlaget og dei rike naturressusane. Vasskraftproduksjonen har i tillegg til oppretthalding av busetnaden langs Lysefjorden, også gjeve kommunekassen trygge innteketer i form av skattar og avgifter.

Sand, mørtel- og betongindustrien sysselset om lag 50 personar. Bransjen leverer kvalitetsvarer over heile landet, også til utlandet.

Jordbruket, med hovudvekt på sau- og melkeproduksjon står framleis sterkt, og er av stor verknad for oppretthalding av busetnaden rundt om i bygdelaga.

Dei nye næringane

Havbruksnæringa er ei av dei nyare næringane i Forsand. Næringa rommar forskingsstasjon for fiskefor, laksesmolt, forsøksanlegg for produksjon av kveite, samt pilotprosjekt for blåskjelldyrking. Eit av dei første skjellmottaka i landet vart i si tid lokalisert til Forsand.

Reiselivsnæringa er i sterk framvekst basert på den internasjonalt kjente Lysefjorden med Preikestolen og Kjerag som fyrtårn. Basehopping frå Kjerag blir marknadsført over heile kloden og tiltrekk stadig fleire reisande til Lysefjordområdet. Turisttrafikken gjev grunnlag for nye tilbod og næringsutvikling i området. Basert på tidlegare arkeologiske utgravingar er Fortidslandsbyen Landa gjenreist. Landa vil vere ein viktig del av kommunen si framtidige satsing innan turist- og reiselivsnæringa.

Forsand kommune har elles eit variert næringsliv med programvareproduksjon innan databransjen, trevareproduksjon, mekanisk industri, samt ei rekke mindre servicebedrifter innan bygg, anlegg, elektro, røyr, handel m.m.


Kraftfondet

Forsand kommune nyttar årleg midlar frå kraftfondet til å leggja til rette og stimulera til næringsutvikling. Fondet har eigne retningslinjer for bruken.

 

Web levert av CustomPublish AS Innlogging intranett