Logo PiltOla

I Pilt-Ola sine fotefar...
Piltola_lite

Ole Olsen Songesand var det eigentlege namnet hans, men det er under namnet Pilt-Ola han er mest kjend. Det som i utgangspunktet kunne blitt eit plagsamt klengenamn, gjorde han sjølv til eit godt og beskrivande kallenamn på seg sjølv. Namnet kjem av den måten han gjekk på: Med eit haltande gangelag. Det kom av ein skade han fekk i venstre foten i ungdommen.

Pilt-Ola var husmannsson og fødd til eit liv i armod. Men slik skulle det ikkje gå. Han var ein uvanleg evnerik og modig ungdom, som tidleg skjøna at framtida måtte han skapa sjølv.
Hans filosofi var enkel: Tru på at du sjølv kan få noko til!
Den tenkjemåten er like viktig i dag, og soga om Pilt-Ola har mykje å læra oss!
God tur!

Hendingar
Piltola medium

19.01.2012 Eit offisielt avslutningsarrangement for Pilt-Ola

Pilt-Ola prosjektet som starta i 2008 blir no avslutta. Målet var å frambringa og formidla kunnskap om Pilt-Ola si eventyrlyst, pågangsmot, samfunnsengasjement og entreprenørskap. Mange eingonsopplevingar og varige aktivitetar er skapt. Takk til alle som har vore med i praktisk arbeid !

11.09.11 Pilt-Ola marsjen 2011

I år arrangerer Forsand mållag Pilt-Ola marsjen til Levikåsen med besøk i Sisselhuset

29.08.11 Trefigur av Pilt-Ola

Ein to meter høg eikestokk er råmaterialet, og me har fått skore ut ein imponerande mektig Pilt-Ola som er plassert i parken framføre Forsandheimen. Pilt-Ola er her i sitt rette element der han står og følgje ferdsla på Lysefjorden.

Fleire arrangement