A A A Normal Lo-Fi 6 stjerner
Preikestolen © Perly Berge

Ergoterapi

Ergoterapi har aktivitet og deltaking som mål og virkemiddel: "Gjennom aktivitet til aktivitet” kan være ein enkel forklaring på kva ergoterapi er. Aktivitet kan i denne samanhengen være mykje: alt frå leik med ball, puslespill, sykling og hagearbeid, til industriarbeid, studier, vaske og matlaging.

Ergoterapi tilpassar aktivitetar for å betre helsa til brukarane både fysisk og mentalt.

Å tilretteleggje kvardagen slik at du kan oppretthalde ein meiningsfull kvardag er både eit mål og middel for deg og ergoterapeuten. Dette kan ein oppnå gjennom god kartleggjing og samarbeid mellom deg og ergoterapeuten før ein planlegg trening, tilretteleggjing i kvardagen eller bruk av hjelpemidlar.

Ergoterapeuten samarbeidar ofte med andre faggrupper i denne prosessen.

Ergoterapeuten i Forsand er kommunen sin hørsel- og synskontakt og har ansvar for å hjelpe til ved hjelpeformidling til alle aldersgrupper. Andre faggrupper kan og gje støtte innafor deira fagfelt.

Ergoterapi-funksjonen finn du på Forsandheimen i underetasjen ved hovudinngangen - sjå kart.

Ergoterapeut i Forsand kommune er Brit Berge som du treff på:

 

Namn Telefon Mobil E-post
Ergoterapi
Brit Berge 51 70 03 33 456 32 893 bbe@forsand.kommune.no
Web levert av CustomPublish AS Innlogging intranett