A A A Normal Lo-Fi 6 stjerner
Preikestolen © Perly Berge

Referat frå drøftingsmøte 16.12.14

Referat frå møte er nå klart og vedlagt ligg også KS konsulent sin presentasjon.

I møtet vart det gjennomført ein SWOT analyse (sterke og svake sider ved dagens og framtidig kommune) og denne ligg som ein del av KS presentasjonen.
Referatet inneheld utdrag frå diskusjonen om kva tilbakemelding som skal koma til dagens kommunestyre og om det skal gjerast noko vedtak før eller etter valet.
Av interesse for Forsand vil eg spesielt nemna:

"Stemninga i Forsand er at ein også skal sjå andre vegar i samanslåingsprosessen. Dersom intensjonsavtalen ikkje skulle vere "spiseleg", vil det vere bra om ein kan ta stilling til det før sommaren. Forsand har litt hastverk sidan ein ynskjer ei avklaring i denne prosessen, slik at ein ev. kan ta stilling til om ein ynskjer å gå andre vegar. "

Fleirtalet i kommunestyret i Forsand har uttalt at ein skal ta stilling til vidare utgreiingar med andre kommunar når ein ser kva som kjem ut av diskusjonane med Strand og Hjelmeland. Derfor har ordførar i møta med dei andre kommunane bedt om at det kjem ei "løypemelding" til sittande kommunestyre før sommaren 2014.

Web levert av CustomPublish AS Innlogging intranett