A A A Normal Lo-Fi 6 stjerner
Preikestolen © Perly Berge

Kontrollutvalet i Forsand

Kva er eit kontrollutval?

Kontrollutvalet er kommunestyret sin reiskap for demokratisk innsyn og kontroll med alle sider ved kommunens verksemd. Kontrollutvalet sitt mål er derfor å sjå til at kommunen følgjer regelverket, og at verksemda er målretta, effektiv og etisk til beste for kommunens innbyggjarar. Kontrollutvalet skal òg sjå til at kommunen har ei forsvarleg revisjonsordning og at kommunestyret sine vedtak vert følgde opp.

Kommunestyret vel sjølv eit kontrollutval til å førestå det løpande tilsyn med den kommunale og fylkeskommunale forvaltning på sine vegne.

Kontrollutvalet i Forsand har held utvalet sine møter for lukka dører. Dette er i medhald av Kommunelovens § 77 som seiar at møta skal holdast for lukka dører så lenge utvalet sjølv ikkje bestemmer noko  anna.

Utvalets arbeid vert regulert av Kommunelova §77 og eigen føreskrift. Kommunestyret får seg førelagt kontrollutvalet sine rapportar og tek stilling til oppfølging.

Meir om kontrollutvalgenes oppgåver finner du i føreskrifta.

Kven er medlem i kontrollutvalet?
 

Kommunestyret står fritt til å utpeike medlemmer til kontrollutvalet. Kommuneloven stiller likevel krav om at kontrollutvalet skal ha minst tre medlemmer, og at minst eit av desse skal være medlem av kommunestyret. Kontrollutvalet i Forsand følgjer minstekrava og har 5 medlemmar, kor av eit av desse er medlem i kommunestyret.

Kan kommunen sjølv førebu sakene for kontrollutvalet?
 

Etter lovendring med verknad frå 1. januar 2005 skal kontrollutvalet ha uavhengig sekretariatsbistand, som verken er knytt til kommunen eller til kommunen sin revisor. Rogaland Kontrollutvalgssekretariat IS tek vare denne funksjonen for i alt 17 kommer i Sør-Rogaland, mellom desse er Forsand.. Sekretariatet skal sjå til at dei saker som vert behandla av kontrollutvala er forsvarleg utgreia og at utvala sine vedtak vert sette i verk. Meir om sekretariatets oppgåver kan du lese på nettsidene til sekretariatet.

Kan eg som innbyggjar klage på kommunale vedtak til kontrollutvalet?
 

Kontrollutvalet er ikkje et klageorgan, og har difor ikkje høve til å behandle klagar på enkeltsaker. Kommunane har eigne klageorgan som behandlar slike saker, i mange kommunar er det formannskapet. Mange klagesaker vert òg sende vidare til Fylkes­mannen for endeleg avgjere. Kontrollutvalet kan likevel på eiget initiativ eller på bakgrunn av konkrete saker vurdere om kommunen sine eigne retningsliner og sentrale lover/føreskrifter følgde av forvaltninga.

Kontrollutvalet sine møtepapir
 

Du finn meir informasjon om kontrollutvalet under menypunktet Politikk. Klikk på Kontrollutval i venstremenyen. Der du mellom anna innkallingar og protokollar frå kontrollutvalet sine møter.

Her vil du og finne planar og rapportar som kontrollutvalet har bestilt.

 

For informasjon om kontrollutvalets ansvar og oppgåver sjå her.

 

Web levert av CustomPublish AS Innlogging intranett