A A A Normal Lo-Fi 6 stjerner
Preikestolen © Perly Berge

Drøftingsmøte 16.12.14

Eit meget interessant møte kor Håvard Moe frå KS Konsulent hadde ein gjennomgang av kommunereformen med eit aldri så lite humoristisk blikk.

Kort fortalt, korleis argumentere for det eine eller andre når innbyggerne er mest opptatt av følelser?
Er det lurt å satse på at det går over? Korleis gje innbyggerne gode tenester når ein står aleine og alle andre rundt slår seg samen?
Kommunesamanslåinga mellom Spydeberg og Hobøl blei ingenting av pga 1000kr i forskjell i vannavgift og Peter Solberg blei verdensmester i Rally.
Innbyggerne bør og helst må høyrast, men ei folkeavstemming er ikkje vegen å gå (sjå oppslag i Smaalenes Avis)

Til møtet var det lagt fram notat knytt til meir konkretisering av prinsipp for lokalisering av tenester og vidare innbyggerinvolvering.

Forumet hadde ein god diskusjon rundt kva som er viktig for innbyggerne og korleis ein skal kome ut med info om det som betyr noko.
Referat frå møtet vil bli lagt ut så snart det er klart.

Inntill vidare oppfordrar eg innbyggerane i Forsand til å tygga litt på eit kommunenavn som kommunereformgruppa har stor sans for: Fjord kommune!
Det er eit navn som ingen kan sei å ha meir eigerskap til enn dei andre, det finnes i ALLE tre kommunane og det er noko som klinger godt og beskriv kommunane.
I tillegg så skrives det likt på både norsk og engelsk. Fram til ein har landa på eit nytt og vedtatt kommunenavn heiter prosjektet Fjord kommune!

Neste møte er på Jørpeland i februar.
 

Web levert av CustomPublish AS Innlogging intranett