A A A Normal Lo-Fi 6 stjerner
Preikestolen © Perly Berge
Du er her: Framsida

Breiband - framdrift og vegen vidare

Telenor og Canal Digital er i samarbeid med Forsand kommune og Forsand elverk godt i gang med bygging av fiber i Forsand. Det er Relacom som har prosjektet, og entrepenør Torbjørn Reime Maskin som utfører arbeidet. Dei er no i ferd med å gjere seg ferdig med fresing av fibertrasé i første delområde:

Breiband
Breiband

Entrepenøren legg att ein kveil med fiberrøyr ved eigedomsgrensa, som du sjølv må grave ned, og føre fram til husvegg. Deretter vil dei blåse fiber fram til huset. Du blir så kontakta av montør for å avtale vidare framføring av fiber til endepunkt i huset, samt installasjon av utstyr innvendig. Dette arbeidet utførast av montør. Det du må bestemme deg for er endepunkt innvendig - kor du vil at TV-en skal stå.

Arbeidet med fiberutbygginga starta i Bergekleiva, og går etter planen vidare på Berge, Bergevik og Gjøysavik mot Øyren. Så fortsett det på Gjøysa, Myra og Fossanhagen, før dei flyttar seg opp mot Fossanmoen og Rettedal.

Planen er at delområda vil bli kopla på nett etterkvart som dei blir ferdige.

Forsand kommune og Telenor har som mål at siste delområde innafor fase 1, som du kan sjå på kartet under, skal være kopla til i løpet av første kvartal 2018. 

Ordførar Bjarte Sveinsvoll Dagestad seier seg godt nøgd med framdrift så langt:

-Arbeidet er i rute, og det ser ut som om vi kan komme i mål med fase 1 tidleg neste år som planlagt. I neste omgang står resten av kommunen for tur, både kva gjeld utbygging av internett og utbedring av mobildekning. Planlegging av denne fasen starta no i haust.

-Det er likevel klart at det kan oppstå utfordringar med å bygge fiber til områder som er vanskeleg tilgjengelege og med få husstandar - det er ikkje sikkert at det vil være økonomisk forsvarleg å bygge fiber til alle. For disse må vi vurdere alternative løysingar.

Dagestad seier vidare at Forsand kommune har som mål å ha fullført utbygging av breiband for mesteparten av husstandane i kommunen i løpet av to år frå anleggstart.

 

Spørsmål?

Bur du innafor merka område i kartet under (fase 1), og har spørsmål rundt endepunkt fiber for din eigedom, eller graving av fiber på eiga tomt kan du kontakte Relecom:

  • Kontaktperson Relacom: Thomas Heimdal Bjånes: 901 42 058

Har du andre spørsmål rundt utbygginga og framdrift kan du kontakte kommunen:

  • Kontaktperson Forsand kommune:Torgeir Kvalberg:: 51 70 01 47 - tkv@forsand.kommune.no

 

Har du ikkje bestilt fiber?

Bur du innafor Fase 1, merka område i kartet under, men ikkje har teikna avtale med Telenor/Canal Digital, og ønsker å gjere det, ringer du:

Canal Digital 06090

-eller du kan fylle ut skjemaet Interesseliste som du finn under her, og sende dette på e-post til tkv@forsand.kommune.no .

Nyttig informasjon:

 

Prosjekt Forsand fase 1

Utbyggingsområde: Fase 1

Web levert av CustomPublish AS Innlogging intranett