A A A Normal Lo-Fi 6 stjerner
Preikestolen © Perly Berge

Arbeidet med kommunereforma er i gang!

Referat frå innleiande møte og referat frå kommuestyre sin behandling av mandat for vidare arbeid.

Det er ikkje lett å unngå å få med seg at det frå Regjering og Storting er lagt føringar for at kommunane skal utgreie fordeler og ulemper ved ei framtidig endring av kommunegrensene. Forsand kommune fekk våren 2014 ein invitasjon frå Hjelmeland kommune til drøftingar om kven som kunne tenke seg å utgreie i lag.
I dette møtet vart Forsand, Hjelmeland og Strand samde om at kommunestyra i dei tre kommunane skulle behandle ei sak om mandat for evt vidare drøftingar.

Kommunestyre ga ordførar eit mandat som det nå arbeidast vidare etter.
Ordførar og kommunestyre ønskjer at dette skal vere ein open prosess kor vi skal informere aktivt igjennom heimeside, facebook og media. Etter kvart som det kjem utgreiingar, referat eller andre dokument vil dei leggast ut her på denne sida.

Dei første dokumenta er referat frå innleiande møte
24.06.14 og kommunestyrevedtak med mandat den 24.09.14.

Kommunestyre gjorde følgjande vedtak:

KS-058/14 Vedtak:

1. Forsand kommune går inn i drøftingar med Hjelmeland kommune og Strand kommune for å avklare om det er grunnlag for samanslåing av kommunane som eindel av kommunereforma, samt så langt mogleg avklare dei utfordringane som er nemnde i utgreiinga. Målet er at kommunestyret kan gjere vedtak i spørsmålet om kommunesamanslåing hausten 2015 slik at ein eventuell ny kommune blir sett i verk frå 01.01.2018.

2. Ordføraren, varaordføraren og rådmannen blir oppnemnde som Forsand kommune sine representantar i drøftingane.

3. Forsand kommune er og open for å forhandle med Gjesdal kommune/Sandnes kommune og Suldal kommune om event framtidig samanslåing.

Web levert av CustomPublish AS Innlogging intranett