A A A Normal Lo-Fi 6 stjerner
Preikestolen © Perly Berge
Du er her: Framsida

Velkommen til møte i Lyse kapell!

Vi inviterer til opent møte i Lyse kapell for fastbuande, hyttefolk og andre interesserte 14. des kl 10:30.

Frå Forsand Kommune kjem fleire frå administrasjonen; kultur, næring, landbruk og teknisk. I tillegg kjem Siv Fossan frå kyrkjekontoret, ordførar Bjarte Dagestad, Kari Sand, bygdeutvikling Ytre Ryfylke og Åshild Hus, Lysefjorden Utvikling.

Målet med møtet er å løfta fram felles saker og utfordringar.

Nokon aktuelle tema er:

  • Turisme – Kapasitet og utviklingspotensiale i bygda. Turistinfo.
  • Anleggsperioden – utfordringar, fleire synergiar å hente?
  • Lyse Kapell – kan vi få til meir aktivitet på sommartid? Utstilling med lokale kunstnarar?
  • Anna?

Det blir også anledning til å diskutere konkrete saker, evt befaringar med dei ulike etatane i etterkant.

Arrangør:
Forsand Kommune
Bygdeutvikling Ytre Ryfylke
Lysefjorden Utvikling

Web levert av CustomPublish AS Innlogging intranett