A A A Normal Lo-Fi 6 stjerner
Preikestolen © Perly Berge
Du er her: Framsida

Varsel om økt overvaking av været - flaumvarsel

Via Fylkesmannen har vi fått melding om at Meteorologisk institutt har sendt ut varsel om auka overvaking av været. Det er ikkje sendt ut ekstremvarsel enda men Forsand kommune vil likevel gjere innbyggarane merksame på at det dei neste dagane vil kunne kome veldig store nedbørsmengder.
 

Meldinga frå Met er:

 «Det ventes lokalt svært mye nedbør i indre og midtre strøk av Hordaland og Rogaland. Mandag kveld og tirsdag ventes lokalt 120-140 mm/30t, onsdag ventes 60-80 mm/24t og torsdag ventes 90-120 mm/24t. Mest nedbør ventes det i området mellom Boknafjorden og Hardangerfjorden.

Når ein tenkjer på at i ein veldig blaut haustmånad kan kome mellom 3-400 mm nedbør så er det grunn til å gjere tiltak når ein kan få same mengde på berre tre døgn.
Vi ber innbyggarane om å reinske takrenner, sluker, grøfter og elles andre stadar kor du kan få utfordringar ved store nedbørsmengder. Forsand kommune har også iverksett auka overvaking av Espedalselva.

Som ein kuriositet så kan vi sei at til nå har 2017 gitt oss 2.130 mm sentralt på Forsand, noko som er uvanleg mykje og meir skal det bli.

Web levert av CustomPublish AS Innlogging intranett