Logo PiltOla

Unge Pilt-Ola

Barndom og ungdom

Barn

 Vårt første møte med familien er ein tidleg vårdag i 1780. Dei er på veg over heia frå Årdal mot Sunnmork og Lysefjorden. Vesle Ola er så vidt årsgammal, han ligg godt inntulla og fastbunden i eit drøftetrog oppå sleden. Husmannsfamilien til Siri og Ole Anderson er på veg tilbake til kjende trakter ved Lysefjorden. Husa i Songedalen har gitt dei husly før, og her blir dei igjen buande nokre år.

I 1788 flytter dei over til sørsida av fjorden, til plassen Urnes under Kallalid. Som namnet seier er det ei ur som har rasa ut i fjorden og danna eit nes. Mellom digre kampesteinar står ei lita gisen stove , som skal gi ly for ver og vind. Hjørnesteinane i husgrunnen er ennå synlege på Urnes. Stein er lødd opp og små sletter er rydda midt i ura. Knapt mat for sau og geit. Her levde husmenn i over hundre år, heilt fram til 1885. Det som kanskje er den største ulempa med Urnes er solforholda. Her på sørsida av Lysefjorden kjem solvarmen seint på dag, og om vinteren er sola heilt borte i fleire månader.

I 1790 flytter familien tvers over fjorden til plassen Bakken, den gongen under garden Hatleskog. Her får dei betre levekår og blir nå bufaste.

Vesle Ola er ofte hjå naboane i Sunnmork, og her får han sjå tamme reinsdyr. Det gløymer han aldri, og langt seinare i livet tek han fram igjen den ideen: Tamrein som leveveg i fjellbygdene.

Ola har tidleg ein lengt i seg etter verda utanfor fjorden. Han blir med skuter som fer til Stavanger og like til austersjølanda.

Vesle-Ola stod til konfirmasjon i Høle kyrkje i 28.mai 1797. Det var vanleg at konfirmantane blei stilte opp etter dugleik, sjølve konfirmasjonsdagen, men likevel var det ofte konfirmantar frå storgarder som fekk stå øvst. Ola kom som nr. 10 av 23 konfirmantar. Det var godt gjort av ein husmannsgut å koma så langt fram på kyrkjegolvet.