Logo PiltOla

Historiar om Pilt-Ola
forteljing

EITT OG ANNA OM PILT-OLA

Fire månader gammal vart han dregen over fjellet, lagd i eit trog på kjelke over fjellet frå Årdal til Daladalen, første familiebustaden dei fekk innved Lysefjorden. Med "Kirkens Magt" i armen vart dei drivne der ifrå og laut nøya seg med ei skral hytte ved fjorden. Der kom endå eit barn til verda og det var livet om å gjera, både det timelege og det åndelege), å få "badne" døypt i kyrkja så snart det berre let seg gjera. Litle-Ola fylgde foreldra, mora med nyfødt barn i armkroken attar i ronga, Ola frysande på midttofta og faren med åraane alle milene i vanleg motvind ut til Høle kyrkje. Dette var jamvel ringare folk enn husmannsfolk, men innføre døra komne, tok dei plass. Presten høgt der oppå den voldige preikestolen, han vov og vov til han braut av og sa: - Du lille dreng der nede ved døren, du maa vække din sovende fader!

Det var då! Der var då Ole Olsen Sangesand, småguten, song ut for første gong og vitna for all verda om kva og kven han var. Han kveste ti: - Du kan sjøl vekkja han for du har sjøl svevt han.

Kyrkjebyggjar

Eit steg fram i tid høvde det slik at Høle kyrkje vart seld nett til gründeren Ole Olsen Sangesand. Han var enno mest berre i starten, men stor i tankar og ord og gjerningar. Han ville ta og riva den forfalne kyrkja og flytta ¹ne over til Forsand. Kvifor? For at det skulle bli stuttare ror for kykjefolk innantil fjorden, vel!

Det er ei heilt anna sak at han fekk ikkje flyttinga gjennomførd. Men han kjøpte seinare tre kyrkjer på Jæren attåt to gardar på Tasta, heile handelen på ei og same veka. Då han vart pålagd å byggja nytt "Vaaningshus for Vorherre" i Varhaug, teikna han det sjølv og plassertte preikestolen midtvegges, så ingen kunne bli plassert "nederst ved Døren". Det gjekk heller ikkje, men det førde faktisk til at den nett ledige slottsarkitekt Linstow fekk oppdraget å teikna ei kyrkje som vart mønster for førti-femti andre ny-kyrkjer i bispedømet den nære ettertid. Ein kjem det aldri i hug, men omveges er det Pilt-Ola å takka at mest alle Rogalands-kyrkjer i dag er som dei er både utvendes og innvendes, såleis å sjå til.

Entreprenør

Ola var og i Suldal.

Mannen som stod for bygginga av Lågabrua (Nærheim bru) er det fortalt grundig om i boka til Jon Moe. Det vart sagt at han var nok "til stades" om han ikkje plent var i dalen. Sangesand , han bygde i tankane, sa dei. Og han kom og sa seg nøgd: - Dette er nett slik eg tenkte at det skulle verta! skrytte han.

Veg-ingeniøren Ole Sangesand peika med staven ved Kvæstad og Foss og lenger nede i Juvet, han var suverén. Han tala tidt om vanskelege ting og gjorde det slik at det vart forståeleg og mogeleg. Fjellsprenging, det var dei ikkje rådlause med. Dei bòra og fylte minekrut i hol, sprengde ²forsynemeg heila Kvæstadnibbo²! Det var som siger-rop då det let: - Hei, dunderen Sangesand! Fyr her! - I Suldal kalla dei han aldri for Pilt-Ola. Her var han SANGESAND.

Han visste korleis mang ei oppkome under fjellfoten kunne førast i oppmura og til høveleg fall graven bekk så klårvatnet rann heim åt gards-tun. Det vart mykje lettare særleg når ein gjorde vel og kom kvinnene i hug. Det galdt dette å skaffa vatn til husar. Ein sa tidt at kjerringane fekk vass-sele i bruregåve. På Stråpa (²Nedi-garden²) og på Vasshus og Herabakka tér enno desse bekkefara hans, og ein stad har dei teke vare på eit ²sikte ² på trifota stativ som Sangesand laga til bruk ved såvoren heimføring av oppkomevatn. Folket på mang ein stad prisa han for det i generasjonar. Bekken på Stråpa rann i 140 år, jamvel lenge etter at springvatnet kom gjennom røyr. Siklebekken gjennom tunet var ei velsigning.

Fiske-agn

Pilt-Ola kom eingong til Bråtveit frå Hoslemo i Setesdal. Han badde med seg ei "stegle", ei lang line med sidetaumar til makka-krok-agn. Han laga stegler på sin måte av heste-tagl, uslitande sterke og lang-tvinna. I skreppa hadde han fleire, og no gav han bort ei av dei. Ho var i bruk mannsaldrane til endes og var mykje sikrare til å ta auren enn alle andre i Suldalsvatnet. Alt opp i vår tid har dei snakka om henne, og namn hadde ho, det var sjølvsagt Sangesand-stegla.

Bjørn eller Pilt-Ola?

Han kom eingong til Øvra Vetrhus, der Bjarne og ein bror hans hadde skote bjørn. Dei hadde ete bjønnkjøt til dei vart mest¹e leie av det, sa dei. Og dei gav bort kjøt til kven som helst - "om det så var til grisen". Men denne resten var "beste bogen", sa Pilt-Ola. Han fekk det under skreppeloket og reiste med bjønn det til nistemat.

Seinare uti det mangslungne livet hans vart han mistenkt for å kunna gjera seg usynleg og skapa seg om til bjørn sjølv. Og dermed fall gjerne mistankar på han. To av brorsønene hans trefte på ein drepen stut oppi marka ovanom Bakken. Dei ropa i munnen på kvarandre: - "Dette har vel han farbror gjort"! Eingong vart han observert med eit hår-strå mellom tennene, og då var ein sikker, - han hadde drepe eitkvart og truleg ete det.

Årevis kunne han leve uten menneskelig selskap som eremitt i fjellhuler. Hans næring var da nesten dyrisk. Hans livrett var ellers hestekjøtt. Gaver mottok han aldrei, men var sedse sevhjulpen og tilbrake ein stor del av sitt fjelliv med å fiske ål. Hans hårdførhet var ualminnelig. Hadde han såleis vaska sin einaste skjorte, tokes den straks i bruk i dyvot tilstand.

Som øvet fotgjenger kunne han gå dag og natt uopphørleg./p>

På Vasshus

Han var tidtgjengd i Suldal og budde jamt på Vasshus. Fagnadfolket der var så minnuge, og dei var velståande og gåvmilde. Han låg på loftet i ei av småstovene, der lensmann Albret Vasshus seinare hadde kontor. Drengene hadde óg kvile der på loftet og låg høyrde Pilt-Ola fortelja "horjer" halve nettene. Senga hans er der enno, same lega og "gjedna" med same kvitlane, er det sagt men vonleg utan same sengebòset.

Slektningane i sør

Han fortalde gjerne om folket sitt, systera Siri som var eit "hól-hovud" ho kunne "Gud fordyden" heile bibelen utanåt og rettleidde seg i både jus og trudoms-tankar. Det var ho som vart gift til Knaben, og Ola stogga gjerne hjå henne når han var "der sør."- På Knaben hadde han to fastbuande brør. Ein gong meinte han dei kunne lett slå seg opp på eikeskog som vaks "trint Ikring" . Det kunne byggjast dam i eit vatn. Og ser du ikkje dette? Det kan bli ei herleg tømmerfløyting. Dei felte mange store eike-tre, men dei vart berre liggjande der attmed sikle-bekken som aldri vart noko fløytingselv, for stemmen kom ikkje opp. Det dyrebare tømmeret låg i hundre år og ville ikkje rotna heller. Det vart nemnt "Pilt-Ola-eikene".

Inspirasjon for Ibsen?

På sine gamle dagar ferdast han gjerne nordover til Voss og Bergen, han var godt kjend og mykje omtykt. Den danskfødde Magdalene Thoresen skreiv bøker og skodespel. Ho var ver-svigermor til Henrik Ibsen, og heldt hus for diktaren, som då var teatersjef i Beregen. Det kan ikkje vera tvil om at Ibsen har høyrt gjete Pilt-Ola! Denne karen godt kunne ha vore modell til Peer Gynt ²og det er ingen liten ting - "Vi forstår faktisk Peer Gynt bedre etter å ha lest om Ola," var det ein sa. Ibsen let ein stad hovudpersonen setja til og seia noko slik som at "nu pilter jeg til bryllups". Og Dovregubben gir Peer det glatte lag ein stad: -"Du dagblakke pilt!"

Fjellet var heimen

Ein meinte at Ola låg ideleg i heiane mellom Sirdal og Sørlandsheiane og oppover i Dyraheio og elles i Ryfylkeheiane, meir og mindre i heile "fire på femte året". Han fortalde at han eingong sat i høgaste Napungen (ein fjelltopp) og såg dei kveikte ljos nedi Ulladalen julaftan.

Ola går att i så mangt eit minne, dette må ein tru. Av alle dei "murar" og hellerar og "héve" som er registrerte i heile "SVR" må ein kunna tru at han kjende og brukte fleire etter som han pilta ikring og tukka seg innpå reinsdyrflokkane bå¹ sommar og vinter. Dyra skulle bli kjende med han som ein interessert men ufarleg skapning. Villreinen ville tan temja, det var bra mykjed enklare enn langhenta drift frå Finnmarken. Og då han trudde han faktisk hadde lukkast, fauk han ned til folket i Ljosedalen med rop: - No har eg greidd det!

Pilt-Ola var namngjeten

Ole Olsen Sangesand, mannen som skreiv om seg sjølv at han hadde "paataget sig den Anstreængelse at blive født" i 1779 var ingen "spønesekk" eller ²pratmakar² på Pottemagerstranden. Han hadde - og burde enno ha - eit heilt folks augo vende mot seg der han ferdast:

Langt innpå sæbygg-leitet kom setesdølen som eingong såg Pilt-Ola gå på vatnet like så vel som han ranta på harde berg. Alt kan forklarast: - Ola stod på eit enno så vidt flytande is-flak og rodde seg over eit sund. Det tok seg vel underleg ut. Ja, han kunne ha gått rundt som den gongen han gjekk rundt Lysefjorden fordi han ikkje fekk fører over fjorden til Oanes. Men løyndomen låg i den trua han alltid hyste: Gå, så går det. Og ein slepp å gå rundt. Han kan jamvel godt gå til Amerika, eller iallfall overtuda både seg sjølv og andre at det let seg gjera. Og ein treng ikkje alltid kring-gå ein fjord, eit sund.

Gravlagd på

Johannes Bakken fortalde eingong at han for sin del jamt heldt seg heime på Bakken der inne i Lysefjorden. Berre ein einaste gong tok han seg arbeid i byen, på veganlegg. Det var på Randabergvegen frå svingen utanføre Løkkevegen og utover; der laut det skjerast rett Igjennom "fattigkirkegården", som var ute av bruk, men ikkje heilt full av gløymde, umerkte graver. Chrysanthemum vulgare, reinfann, vaks på somme tuverŠ.. og kom du borti den planten, vart det ei sterk og rik lukt, fortalde Johannes. Han skufla jord og stein og hovudskoltar opp i trillebåra og tippa det i ein lastebil som køyrde alt ihop ut på Dreyersholmane, ein kommunal fyllplass utom austre bydel i Stavanger. - Eg tenkte dette ein gong det kom så fin og hål ein skolt trillande beint ned på skufla mi: - Du skal sjå at det er han Ola! Fortalde Johannes.

At han vart gravlagd på fattigkyrkjegarden kan forklarast med at han ville ikkje anna sjølv. Skolten hans hamna i avfallsdungen på Dreyersholmane i 1920-åra. Men etter berre tre år i jorda vart det med utførleg kommunal grunngjeving hengt skilt i gata der han budde: ²Sangesandsgaden.² Dette skiltet er ikkje bortkome. Minnet om han Ola heller ikkje.

Ein av alle stader der han pilta trefte han folk som gjerne ville høyra på han. Livssoga hans er ikkje ferdig-skriven og kan ikkje bli det.

Viketeigen i Suldal, 24. mai 2006.