Logo PiltOla

Forsands historie 1780 - 1850
Sissel_huset

MOMENT TIL FORSANDS HISTORIE 1780 - 1850
skrive av Trygve Brandal

Folkeauke
Det var sterk vekst i folketalet i hundreåret frå 1770 til 1870. Ved inngangen til 1800-talet budde det vel 1000 sjeler i Forsand. Det er om lag like mykje folk som bygda har i dag. Men Forsand er eit mindre område i dag enn det var då, fordi ein stor del av kommunen vart overført til Gjesdal i 1965. I gamle Forsand bur det i dag knapt 1700 menneske. Rundt 1700 budde det knapt 600 menneske i Forsand. Folketalet steig mykje utover på 1700-talet, og veksten heldt fram utover på 1800-talet. Veksten utover i hundreåret var med det sterkaste han hadde vore nokon gong i bygda. Klimaks vart nådd i 1875 med vel 2000 sjeler, det doble av det det var då hundreåret var ungt. Forsand hadde fått dobbelt så mange munnar å metta på 75 år.

Nedgang i dødstala var den fremste årsaka til folkeauken. Folketalet voks fordi færre døydde. Betre kosthald, t.d. kom potetene inn i kosthaldet på denne tida, og betre kontroll med smittsame sjukdommar var årsaker til nedgang i dødstala. Spebarnsdødsfalla vart halverte mellom 1800 og 1860. Rundt 1800 døydde bortimot kvart femte barn før det fylte eitt år. På 60 år vart dette redusert til kvart tiande barn.

Åra før 1814 var prega av krig, uår og svolt mange stader i landet. Mange distrikt hadde tilbakegang i folketalet som følgje av naudsår med uvanleg mange dødsfall. Men vår del av landet slapp relativt billeg unna, og naudsåra syner lite att på statistikken. Folketalet var i auke, som det hadde vore før og som det skulle verta etter. Sokneprest Ole Schavland i Strand hadde difor dekning for sine ord då han i februar 1816 skreiv på eit skjema over fødde og døde i prestegjeldet i åra 1801-1815: "Ingen usedvanlig Mortalitet ved herskende Epidemier har fundet Sted i disse Aar". Året før hadde han på eit liknande skjema skrive at "under de 7 Krigsaar har ikke været nogen usædvanlig Mortalitet". Både fødslane og dødsfalla (mortaliteten) hadde halde seg på eit nokolunde normalt nivå gjennom naudsåra før 1814. Eitt år var likevel avvikande. Det var året 1809. Då døydde det 42 personar i Forsand, og det var eit uvanleg høgt tal. Det vart fødd 38 personar, eit tal som var meir normalt. Dette året var det eit fødselsunderskot på 4 personar. Kanskje ser me her eit utslag av naudsåra likevel?

Døden - ein tittgjengd gjest
Dødens herredøme måtte verka mykje sterkare før enn han gjer i vår tid. Døden var ein mykje meir tittgjengd gjest i stovene til forsandbuen på 1800-talet enn han er i dag. I dag kan dei fleste som kjem til verda rekna med at dei får leva eit langt liv til alderdomen. Før var ikkje det så sjølvsagt. Døden ramma då mykje sterkare både speborn, eldre born, ungdommar og unge vaksne.

I våre dagar ligg den gjennomsnittlege levealderen rundt 80 år. Han er 78 år for menn og 83 år for kvinner. Utover på 1800-talet var levealderen nesten berre halvparten så høg, mellom 35 og 45 år. Men gjennomsnittstal lyg ofte. Det var ikkje slik at folk flest døydde når dei var mellom 35 og 45 år gamle. Tvertimot, det var faktisk ganske få som døydde i 30- og 40-årsalderen. Dei fleste døydde yngre enn det eller eldre enn det.

Sjansane for å overleva var svært ulike. Me kan seia at befolkninga delte seg i ein heldig og ein uheldig part. Den uheldige parten vart innhenta av døden som små ungar eller iallfall før dei vart vaksne. Denne parten utgjorde mellom 40 og 50 prosent først på 1800-talet, men vart redusert til kring tredjeparten etter midten av hundreåret. Den andre halvparten kom seg velberga gjennom dei kritiske barne- og ungdomsåra. Det fall frå nokon på kvart alderstrinn utover, men mange levde til dei vart gamle folk. Levealderen for denne parten var ikkje så ulik levealderen i vår tid.

Mange ny levebrød i modernæringa

I første halvdel av 1800-talet var jordbruket heilt dominerande i yrkeslivet. Vi kan seia at det fanst nesten berre eitt yrke i bygda. Nesten alle arbeidde med jorda, og tok i tillegg del i skoging og fiske i sesongar. Utøvarane hadde forskjellig sosial plassering i forhold til kvarandre. Nokre var gardbrukarar, andre husmenn, eller tenestefolk og dagleigarar, men alle arbeidde med jorda, i skogen og på sjøen.

Det var sterk folkeauke, men modernæringa synte seg fleksibel og makta å suga opp og gje levebrød til ein stor del av den aukande folkemengda. Det vart gjort plass til fleire. Det vart oppretta nye gardsbruk ved bruksdeling, og det vart rydda mange nye husmannsplassar. Forsand sine grenser var dei same, men talet på buplassar auka og jordbruksarealet innanfor grensene vart utvida ved nyrydding på bruk og plassar. Husmannsklassen vart ikkje så talrik i Forsand som i mange andre bygder.

Å leva av naturen

I det førindustrielle samfunnet levde storparten av folket av det dei kunne få ut av naturen rundt seg. Gardbrukarar så vel som husmenn utnytta naturgrunnlaget rundt seg på sjø og land så godt dei kunne. Dei dyrka korn og poteter, heldt husdyr, dreiv i skogen, fiska i fjorden.

sjohuset

Silda tilbake

Sildefisket har alltid vore skiftande. Etter å ha vore borte frå kysten i over 20 år, kom silda tilbake i 1808. Den store sildeperioden på Vestlandet varte fram til 1870. Sildefisket ute ved Karmsundet var ein økonomisk magnet som trekte til seg folk langt innanfrå fjord- og dalbygdene. Hundrevis av menn frå Forsand sette seg i båten og rodde og siglde ut til kysten for å delta i jakta på havets sølv i nokre hektiske vinterveker. Teljingar frå 1860-åra registrerer så mykje som 600 sildefiskarar frå Forsand. Dei fleste dreiv garnfiske frå opne båtar.

Enkelt og sunt kosthald

Kvardagsmaten var havregraut, flatbrød, suppe, salta og tørka fisk og sild. Kosthaldet var enkelt, som husa og innbuet var det. Smør og ost vart laga og brukt på gardane. Drikka kunne vera vatn, sur mjølk, møse eller tynt øl. Til fest og høgtider vanka det salta eller speka kjøt og kanskje nokre rugkaker. Men kjøt var ikkje kvardagsmat. Mest muleg av det skulle seljast for å skaffa kontante inntekter. Mot slutten av 1700-talet hadde somme ein liten potetåker og brukte litt av dei i kosthaldet, men nokon hovudingrediens i kvardagsmaten vart potetene ikkje før etter 1800.

Det var ikkje så mange ferske innslag i kosten. Dei som budde ved sjøen åt ein del fersk fisk, men ferskt kjøt var ein uvanleg rett. Det gjekk mykje på sur og salt mat, og dette kunne nok til dels føra til plage med skjørbuk.

Vatn og mjølk var daglegdagse drikkevarer, øl noko meir sjeldsynt. Det kunne også bli kjøpt inn eit lite anker med brennevin no og då. Av bestikk var skeier av tre eller horn vanleg. Dei var i dagleg bruk, sidan det vart ete mykje graut og suppe. Etter måltidet vart skeia slikka rein og ofte stukken inn ein sprekk i veggen ved bordet. Gaffel og bordkniv var derimot lite utbreidt. Dei fleste hjelpte seg nok med fingrane, la maten på flatbrødet og fekk han i seg utan hjelpemiddel. Mannfolk brukte gjerne slirekniven ved bordet. Truleg må vi heilt fram mot slutten av 1800-talet før gaffelen kom i dagleg bruk ved middagsmåltid.