Logo PiltOla

Om garden Bakken
Bakken2

Garden Songsandsbakken blei først rydda av far til Pilt-Ola i 1792.
Garden ligg på ei ”lita hylle” 173 m over fjorden. Innmarka er lita,
men utmarka desto større. Garden blei i alle år drive etter
naturalhushald, der dei var sjølvforsynte med poteter, grønsaker, kjøt,
egg og mjølk m.m. Det var langt til næraste handelsmann, og ei byreis
var ikkje daglegdags.

Halvdan Magnus Hansen skriv i boka "Bakken i Lysefjorden":

Da Siri og Ola, som dei første, slo seg ned på Bakken i det siste tiåret på 1700-talet, var det som husmenn under Songesand-garden. Da hadde dei i to tiår flakka rundt frå den eine plassen til den andre for å finne utkomme til å fø den støtt veksande ungeflokken. Men da dei kom til Songesandsbakken, blei dei bufaste. Ola hadde kanskje vore på fiske og fått seg noko pengar, eller så måtte leiglendingen på hovudbruket på Songesand ha forbarme seg over dei, for i slutten av 1780- åra har dei gått i gang med å rydje det som skulle bli Songesandsbakken, Eller Bakken i daglegtalen.

i 1792 stod truleg fjøset ferdig, for årstalet er skore inn i ein av bjelkane. Løa kom nok opp samstundes, men noko hus til seg sjølv gjekk dei ikkje laus på. Dei hadde tidlegare budd under ein heller ovanfor garden Hatleskog, og ein heller kraup dei også under på Bakken. Ein heller er ei fjellhylle som stikk ut med eit rom under. Under helleren på Bakken, som har to vegger av fjell, kunne dei lett setje opp stokkar til vegger og kle med mose og anna for ¨å tette for vind og kulde. Men sjølv om dei hadde varme på grua, må det ha voe kaldt på vinteren. Stort med plass har det heller ikkje vore. Berre i den ytre delen kunne du stå oppreist, og helleren var ikkje lengre enn at du så vidt kunne strekkje ut kroppen for natta. Truleg har dei sove i fjøset på vinteren, og utnytta varmen frå dyra.

Johannes_Gjertrud

Johannes og Gjertrud

Siste brukar på garden fram til 70 talet var Johannes Bakken. Søster hans Gjertrud levde og på Bakken fram til 1962. Begge var utgifte.
Pilt-Ola, Ole Olsen Sangesand var bror til oldefar til Johannes og Gjertrud.

I 1973 reiste den siste fastbuande på garden, Johannes Bakken, seg frå frukostbordet. Maten stod på bordet, kaffikoppen var halvfull. Han vandra til nabobygda Songesand og tok inn hos familien Hatleskog. Same året gav Johannes i gåvebrev eigedommen til Forsand kommune. Først utmarka, seinare innmark og husa.

Johannes døydde i 1982. Både han og Gjertrud som døydde i 1962 ligg gravlagt på Forsand kykjegard.

Bakken i dag
Den gamle løa på Bakken frå 1792 og gardshuset frå 30-talet er restaurert av Forsand kommune som fekk garden i gåve av Johannes i 1973. Garden blir i dag leigd ut av Forsand kommune i samarbeid med Stavanger turistforening.

Bakkengjenstandar frå vårt lokale bygdemuseum er i dag utstillt på Forsand bibliotek.

Bakken får løa og fjøs

Dei første som blei bufaste på Bakken var familien til Pilt-Ola. Dei kom hit frå Urnes på hi sida av fjorden. Frå steinura og skuggesida der borte, må det ha vore som eit himmelrike her oppe. Vidt utsyn og sol frå tidleg morgon. I året 1792 kom denne uthusbygningen under tak, og hadde same form som bygget me står framfor i dag.

Slik skriv Jon Moe :

Ny uthusbygning kjem under tak – stort tenkt og gjennomførd, like romsleg som løa på Songesand hovudbruk. Husmannen har sett kva plasset kan bera. Og godt har han bygt; dette huset skal bli ståande i to hundre år og endå lenger. Han nøyer seg ikkje med å skjera årstalet i veggen med kniv, han høgg det inn med øks. Ole Andersen grip tak i nova og i synet av alt her er. Denne staden vil han aldri levande forlata.

(teksten er henta frå s.32 i boka. Les meir inne i stova!)

Fjøset er tømra opp for betre å halda på varmen, og løa er eit grindabygg, avstiva med naturleg voksne rotkne. Tømmeret blei nok hogge i Skurvedalen og den gamle tømra var øksa ut av stokken. Dei kløyvde då ein stokk på midten, og øksa så til to gode plankar av kvar del. Inne i løa ligg to store ubrukte rotkne, som blei funne under ein heller nede i lia for nokre år sidan. Dei har blitt grovhogne og lagra der for å tørka. Slik blei det berre halve vekta å bera heim.

I 2008 var det 150 år sidan Ole Olsen Songesand, Pilt-Ola, døydde. I det minneåret blei det avduka ei minneplate på løeveggen. Inne i huset er det skipa til ei eiga Ola-stove, med informasjon om mannen og det eventyrlege livet han levde.

Forsand kommune fekk i 1973 Bakken i gåve frå siste eigaren, Johannes Bakken.