Logo PiltOla

Om Pilt-Ola

Ole Olsen Sangesand, 1779 - 1858

Det er under namnet Pilt- Ola han er mest kjend. Det som i utgangspunktet kunne blitt eit plagsamt klengenamn, gjorde han sjølv til eit godt og beskrivande kallenamn på seg sjølv. Namnet kjem av den måten han gjekk på : Med eit haltande gangelag. Det kom av ein skade han hadde fått i venstre foten under eit uhell i ungdommen. Han var med på ei kjølhaling av eit skip, og fall stygt ned frå riggen.

Pilt-Ola var husmannsson og fødd til eit liv i armod. Men slik skulle det ikkje bli. Han var ein uvanleg evnerik og modig ungdom, som tidleg skjøna at framtida måtte han sjølv skapa. Om så alt omkring han var gråaste fattigdom, så var tanken hans fri som fuglen. Den let seg ikkje kua. Heilt frå ungdommen av lika han å driva handel, og som borgar av Stavanger by, fekk han høve til å utvikla verksemda si.

Landet i stor krise

Landet vårt var i stor krise i dei siste åra av Napoleonskrigane. Den engelske blokaden skapte uår og naud. Korn var det uråd å få tak i, og folk svalt. Pilt-Ola såg at kornet som var på marknaden ikkje blei delt ut på nokon god måte. Dei rike kjøpmennene passa alltid på å få sin forteneste. Han kjøpte sjølv inn store parti korn, og delte ut til folk frå Høgsfjorden og heilt nord til Røldal. Han sette eit krav til gåva : Såkornet skulle i nybroten jord. Slik fekk han bøndene til å bryta nytt land og auka avlingane smått om senn.

Borgar og småhandlar

18. mars 1811 finn me Pilt-Ola som eigar av hus i byen. Sidan Ole Olsen Songesand hadde eigedom, fekk han borgarbrev. Eit bevis på at nå var han inne i borgarskapet i Stavanger.


Sildeeventyret

I året 1808 kom silda igjen med veldig tyngd inn til fjordane våre.

Når silda kom i Byfjorden ropte vektarane: Vinden e på nordvest. Silda e' komen. Folk fôr til sjøen - nå skulle dei fiska. Alexander Kielland har skrive om dette i Skipper Worse. Han skriv:

Helt opp på fjerde loftet kom det lys i alle sjøhusene; tranlamper stiltes her og der; folk begynte å strømme til - menn og kjerringer og unge piker; saltboden ble åpnet, bøkkeren romsterte med tønnene; mannskapet i båtene ble utålmodige, de ropte inn at nå måtte de begynne...... Nu var hele byen inntil fjerneste avkrok underrettet; det kom lys bak små ruter og uttallige kaffikjeler sattes over. Overalt var det iver og munterhet- SILDEN VAR KOMMET.

Dette ville Pilt-Ola vere med på !!! Midt under sildeeventyret dukka Pilt-Ola opp i Stavanger. Han var då 32 år.

Pilt-Ola blir etterkvart ein viktig aktør i sildefisket og i sildehandelen. Det som etter gamal lov hadde vore forbode i alle tider, det vågar han å stilla spørsmål ved. Kan silda saltast ned ugana i store kar og så takast opp att seinare og leggjast om i tønner? På den måten kunne dei greia å sopa inn mykje meir sild i gode tider. Pilt-Ola hadde god kunnskap om saltlake og handtering av sild. Han klarte det folk meinte var umuleg. Men metodane hans var så nye at mange tvilte og vende seg imot han.

Sildeeventyret gjorde Pilt-Ola til ein rik mann. I Stavanger bygde han opp handelshus og dreiv det stort i sildeomsetning. Han kjøpte både gardar og kyrkjer på Jæren, og fleire frakteskip som gjekk på Østersjøen med sild. Likevel var det nettopp silda som og skulle gi han det største nederlaget, og igjen setja han på berr bakke.

Ein konsul Reinhardt i Kristiansand kjøper eit stort parti med sild av Pilt-Ola. Tønner blir opna og silda kontrollert. Alt er i orden. Men så når ryktet om roten sild konsulen sine øyrer. Tvilen melder seg. Har han kjøpt katta i sekken? Konsulen nektar å ta imot silda og ei endelaus rettsak startar. Pilt-Ola har anna å gjera enn å kløyva ord i ein rettsal, så han driv sin handel vidare . Tida går, og endeleg fell dommen : Silda var godt brukande til menneskeføde. Men sjølv om han vinn saka, er store verdiar gått tapt. Dette tapet set han for all framtid i ein vanskeleg økonomisk situasjon.

Piltola_medium

Tamrein

Folk flest ville gitt opp etter ei slik hending, men Pilt-Ola går tvert imot laus på eit nytt og stort prosjekt : Han vil føra store tamreinflokkar til heiane i Ryfylke og Sirdalen. Det Kongelige Selskab for Norges Vel får tru på tanken og gir god økonomisk støtte. Pilt-Ola dreg heilt nord til Finnmark og tek ut på ei lang ferd sørover med hundrevis av tamrein. Sjølv om planlegginga var omfattande og grundig, så støytte han på mange uventa problem. Dyr på vandring kan vera ustyrlege. Likevel når han fram til heiane her vest med gode flokkar. Det som i dag er villreinstammen i Setesdal - vesthei og Ryfylkeheiane har slektskap med desse dyra.

Kampen mot rovdyra

Eit anna felt Pilt-Ola engasjerte seg på var kampen mot rovdyra, serleg ulven.

Han utvikla sjølv ei gift som skulle nyttast, og reiste land og strand rundt for å læra folk opp i denne forma for ulvejakt. Serleg folk i bygdelaga opp mot høgfjellet var plaga av ulven. Slik blei levevegen deira øydelagd og store tap av dyr gjorde folk motlause.

Brubyggjar

I Suldal sette Pilt-Ola i gang arbeidet med den første brua over Suldalslågen. Folk var tvilande til planen hans, men gjorde alt arbeidet etter råda dei hadde fått. Brua har stått like til i dag, og blir nettopp i år restaurert endå ein gong.

Ein vandringsmann og folkehelt frå Lysefjorden!

Han gjekk rundt heile Lysefjorden på eitt døger, blir det sagt. Lenge trudde me det var ei skrøne, men nå har ein forsandbu klart det, så det er ikkje umuleg.

Men Pilt-Ola gjorde fleire lange ferder, både i vårt land og ut i den vide verda. Då dei første utvandrarane til Amerika drog ut frå Stavanger, fann Pilt-Ola ut at han ville gå dit..... Det eigentlege namnet hans var Ole Olsen Songesand, og han voks opp på garden Bakken i Lysefjorden

Ovrighet

Eit klokt menneske med eit varmt hjarta

Pilt-Ola hadde fleire jenter han lika svært godt, men han gifta seg aldri. Søstera Johanna budde nær han i Stavanger, og i dei siste leveåra var ho hans trøyst og gode støtte. Livet hadde ikkje fare vel med han alltid, og jammen hadde han ikkje fare varleg sjølv heller. Den siste tida heldt han seg mykje i lag med kvekerane i Stavanger, og her fekk han nære venner.

Dei mange fattige og dei få rike

Heile livet var Pilt-Ola opptatt av å betra folk flest sine levekår. Han såg kor urett mange sleit for lite og inkje, medan den velståande overklassen sat på si grøne grein og skumma fløyten. Han starta verksemder mange stader langs fjordane, for å gi folk arbeid der dei levde. Folketalet i landet auka sterkt i denne tida, og fleire måtte finna levebrød utanom jordbruket. Slik såg han på tamreindrift som ei ny og høveleg driftsform i bygdene opp mot heia. Reinen gav både mat og skinn, ei viktig bytevare, og han åt av ein mose som ingen andre dyr kunne gjera seg nytte av.

Folk hadde i alle tider reist til byen for å stampa ullstoff til vadmål. Pilt-Ola bygde stampe i Lysebotn, så slapp dei den lange reisa.

Trenaglane blei bytta ut med jernspiker, og smier med vassdrivne hamrar blei bygde fleire stader.

Spor kring Lysefjorden

Pilt-Ola hadde verksemder fleire stader kring Lysefjorden, og neste år vil du få høve til å vandra i fotefara hans. Først og fremst på garden Bakken, men og på heile strekninga frå Preikestolhytta, om Hengjane og Bratteli, forbi Bakken og opp til Sunnmork, vidare om Skaffardalshelleren til Songedalen og så fram til Lysebotn.

Men tanken var ikkje fattig...

Den frie tanken si urkraft var nettopp den ressursen som gjorde Pilt-Ola til ein legendarisk og vidgjeten person i si samtid. Det eigentlege namnet hans var Ole Olsen Songesand, oftast titulært som handelsmann frå Stavanger, men med sterke røter i Lysefjorden.

Han var fødd i den største armod, og like fattig på jordisk gods forlet han denne verda. Slik delte han skjebne med folk flest den gongen. Men livet hans mellom desse to ytterpunkta var heilt ulikt alle andre, og ufatteleg som eit eventyr.

Pilt-Ola var utstyrt med godt vit, stort mot og eit varmt hjarta som banka for alle dei som levde i armodslege kår på 1800-talet. Han hadde ei hand med i det meste som rørte seg i samfunnet. I sine velmaktsdagar kom han opp i ei rettsak der makt og posisjonar stod mot sanninga. Pilt-Ola vann saka, men ho kosta han alt han åtte. Alt lukkast ikkje like godt for han heller, men dei mislukka prosjekta gav og viktige signal for ettertida.

Når minnet om Pilt-Ola nå blir tatt fram igjen, er det ikkje berre fordi han fortener det, men fordi me treng det. Han er eit makelaust forbilde for alle som vågar å sleppa den frie tanken si kraft laus på nåtida sine problem. Evna og motet til å tenkja nytt og våga balansera på egga mellom suksess og fiasko, er og i dag den einaste ressursen som kan gi oss ei bærekraftig framtid.

Soga om Pilt - Ola viser oss at store tankar godt kan koma frå ei gråsteinsur. Han minner oss om noko som er like aktuelt i dag som for 200 år sidan:

Tru på at du kan få til noko sjølv!