Logo PiltOla

Hendingar
19.01.2012 Eit offisielt avslutningsarrangement for Pilt-Ola
Pilt-Ola prosjektet som starta i 2008 blir no avslutta. Målet var å frambringa og formidla kunnskap om Pilt-Ola si eventyrlyst, pågangsmot, samfunnsengasjement og entreprenørskap. Mange eingonsopplevingar og varige aktivitetar er skapt. Takk til alle som har vore med i praktisk arbeid !

11.09.11 Pilt-Ola marsjen 2011
I år arrangerer Forsand mållag Pilt-Ola marsjen til Levikåsen med besøk i Sisselhuset

29.08.11 Trefigur av Pilt-Ola
Ein to meter høg eikestokk er råmaterialet, og me har fått skore ut ein imponerande mektig Pilt-Ola som er plassert i parken framføre Forsandheimen. Pilt-Ola er her i sitt rette element der han står og følgje ferdsla på Lysefjorden.

21.07.11 Temadag Fiske på sjøhuset i Bergevik
"Det store kastet" blir fortalt kl 14.00

30.06.11 Pilt-Ola får minnestein i bronse, avduking 17.mai 2012
To bronseplater er komne frå Danmark. Ei med signaturen til Pilt-Ola og teksten : Pilt-Ola vandrar og handelsmann frå Bakken i Lysefjorden. La deg inspirera av livet hans og tru på at du kan få til noko sjølv ! Ei bronsplate har relieffet av Pilt-Ola. Desse to platene vil bli montert på ein minnestein funne i nærområdet. Det er også laga fleire plater, som blir sett på stader der Pilt-Ola kan ha vandra rundt.

01.05.11 Med ein fot i lause lufta !
6 klasse-produksjon ved Forsand skule løyste "skrivekonkurransen" på ein svært kreativ måte. Ein animasjonsfilm blei produsert på historia om Ole Olsen Sangesand. Historia fortalde om då Pilt-Ola gjekk til Amerika. At Pilt-Ola hadde fleire kjærastar, men blei aldri gift. At Pilt-Ola laga ulvegift som blei brukt over heile landet. At Pilt-Ola henta reinsdyr frå Nord-Noreg til Ryfylkeheiane. Premien gjekk til ein klassetur.

14.3.11 Skrivekonkurranse på skulen
Elevane kan velja mellom to oppgåver: 1. Med ein fot i lause lufta ! Open oppgåve der elevane blir utfordra til kreativitet. Tekst i ulike former, bilde av alle slag, dans og drama eller musikk-stykke. 2. Ein dag med Pilt-Ola, skrive som dagbok-notat, brev, kåseri, eit intervju eller anna form for jounalistisk reportasje. Ein jury sit klar til å ta imot !

19.01.11 Pilt-Ola prosjektet jobbar vidare
Nettside for Pilt-Ola er klar, eit salshefte der Pilt-Ola er vegvisar i eige rike; Lysefjorden er godt mottatt. Forsand sogelag har fått ny logo laga av Rite. No er det minnestein som står for tur. Bjarne Fowels i Hjelmeland har utforma eit relieff av Pilt-Ola i brent leire. Dette skal støypast i bronse.

Pilt-Ola med fire ulike tema i Strandbuen, annonseserie i 2011
1. Visste du at........Pilt-Ola ein gong gjekk rundt Lysefjorden på eitt døger. Då "Restaurasjonen" drog over havet til Amerika, ville han gå dit. Ferda gjekk om Finland gjennom Russland og fram til Beringsstredet. Han var borte i over sju år.
2. Visste du at......
Pilt-Ola var ein pioner innan sildesalting. Han prøvde det som ingen hadde våga før han: Å salta ugana sild laust i rommet. Slik berga han mykje god mat til folk i naudsåra 1812-14.Hundre år etter Pilt-Ola var død, blei metodane tatt i bruk for fullt.