Logo PiltOla

Ein husmannsfamilie si vandring
  • Foreldra var Ola I. Andersson (1742-1817) gift med Siri Hallvardsdotter ( 1748 - 1815). Ola slekta frå Sirdal og Siri var frå Måen i Frafjord.
  • Dei gifta seg i 1772 og slo seg til i Songedalen i Lysefjorden, opp frå Songesand.
  • Dei flytta i alt åtte gonger og i kyrkjebøkene kan me lesa at dei har budd i Øygarden i Lysebotn, i Viglesdalen i Årdal, Årsvoll i Høyland i Sandnes, tilbake til Songedalen, Mjåland under Måen i Frafjord, Urnes under Kallali og endar tilslutt på Svebakken, det om seinare blir kalla Bakken.
  • Det første barnet dei fekk, Valborg, blei døypt i Årdal kyrkje i 1772. Ho blei berre 19 år gammal.
  • I 1774 flytta dei til husmannsplassen Mjåland under Måen i Frafjord. Her blei sonen Anders fødd.
  • To år seinare flytta dei til garden Årsvoll i Høyland i Sandnes.
  • På Årsvoll fekk dei fire barn:
    • Halvard i 1775
    • Siri 1 i 1777 (døydde)
    • Siri 2 i 1778
    • Ola i 1779 – det var han som seinare blei kalt Pilt-Ola.
  • I 1779 flytta familien tilbake til Songedalen i Lysefjorden. Her fekk dei 3 barn:
    • Ådlaug i 1780
    • Tolleiv i 1782
    • Tore i 1785
  • I 1788 flytta dei til Urnes og her blei dottera Johanna fødd på julenatta i 1788.
Bakken

Bakken

  • Ola Andersson finn så ein betre buplass ut forbi Songesand, ei flat hylle om lag 170 meter over Lysefjorden. Hit flytter dei i 1789, og her blir dei bufaste og etterkvart sjølveigane bønder.
  • I 1795 får Ola Andersson bygselbrev frå bispestolen.
  • Ved manntalet i 1801 budde Ola Andersson (63 år) og kona Siri (56 år) på Bakken.
  • Siri , mor til Pilt-Ola, døydde i 1815 og faren døydde i 1817.
  • Dei fekk tilsaman 13 barn. Fleire av dei døydde før vaksen alder.
  • Eldste sonen Halvard tok over garden på Bakken.
  • Han var oldefar til den siste i slekta som åtte garden, Johannes Bakken (1898-1992).
  • Johannes Bakken gav garden sin til Forsand kommune i 1973.
  • Garden blir nå leigd ut til folk i samarbeid med Stavanger Turistforrening.

Skaffardalshelleren

Skaffardalshelelren ligg på vegen frå Sunnmork i brekka ned mot Hatleskog.

Holer og hellerar som denne har gitt livd og ly for farande folk i tusenvis av år. Utstyrte med ein pose av reinsdyrskinn, kunne dei finna tørt leie under helleren og få varme i skrotten.

Folk som jakta i heiane kunne ofte bli overraska av uver, snø og sterk vind. Då var det livsviktig å ha kunnskap om hellerar og holer rundt i fjellheimen. Mange stader har hellerane blitt brukte heilt opp til vår tid i samband med villreinjakta. Under hellerane la dei frå seg kjøtbører som dei ikkje vann å bera med seg i første omgang.I eldre tider knytte det seg ofte segn og soger til hellerane. Her hadde dei underjordiske inngangen til sitt rike, blei det sagt. Somme stader blir det fortalt om fredlause som slår seg til i hellerar.

Her under Skaffardalshelleren blei det i 1796..... fødd eit jentebarn. Jon Moe fortel om det i boka "Pilt-Ola". Det var mor hans som fødde søstera Johanna på veg heim frå Sunnmork.

Slik fortel Jon Moe:

Dei bergar seg innåt fjellet som heng ut over bjørkelia og har namnet Skaffardalshelleren, det er ope og så høgt under taket som i ei kyrkje. Og har dei ikkje vore her før og søkt ly ei rådlaus stund? På ein eller annan vegen til og frå Songedalen har dei beint fram budd her mellom lauv og berg.
Innom sløret av tett fallande dropar, godt inne i lognaste kråa der steinen er lysande gul-grøn og taket er sota av bål som brann, men ikkje kan tennast no, kjem Johanna til.
I kveldinga blir mor og barn berga til Hatleskog på kjelke, Ola renner heim til Bakken - der og her og alle stader har ein mann noko å koma i hug.

På Bakken kan du finna fleire spor etter familien til Pilt-Ola, og lesa om hans eventyrlege liv. Og ser du nøye etter i den gamle spegelen, som han sjølv kom med til Lysefjorden, trur me så visst du skimtar dei stiga fram, rett ut or veggen. Då må du vera klar til å ta imot dei og lyda.....

God tur vidare - på leiting etter spor av levd liv!