A A A Normal Lo-Fi 6 stjerner
Preikestolen © Perly Berge
Du er her: Framsida

Stortings- og sametingsvalet 2017 - står du i manntalet?

For å stemme må du stå i manntalet som er sett opp på grunnlag av folkeregisteret pr. 30. juni i valåret.

Dette vil seie at dersom ein melder flytting etter 30. juni, vert ein ståande i manntalet i den kommunen ein flyttar frå.  Då kan du velja om du vil stemma på valdagen i den kommunen du flytta frå eller om du vil førehansstemma i Forsand kommune .  Dette kan gjerast på kommunehsuet i tidsrommet 10. august til fredag 8. september 2017. Du har stemmerett ved valet dersom du er norsk statsborgar og har fylt 18 år innan utgangen av valåret.

Sjekk om du står i manntalet som vert lagt ut til ettersyn,  eller du kan ringa Forsand kommune tlf. 51 70 00 00. Manntalet for Forsand kommune er lagt ut til offentleg ettersyn i perioden 12. juli til 11. september 2017.

Samla manntal for heile kommunen er lagt ut ved:

  • Forsand kommunehus v/servicetorget
  • Forsand kulturhus v/biblioteket 

Står du ikkje oppført i manntalet, kan du sende skriftleg klage med grunngjeving til valstyret før valdagen.  Det blir tilrådd at du gjer dette snarast råd.

Valstyret si adresse:
Forsand Valstyre
Kommunehuset
Fossanvegen 380
4110 Forsand

Valstyret vil behandla klager og retta opp eventuelle feil i manntalet så lenge det er praktisk muleg fram til valdagen.

Forsand Valstyre
Bjarte Sveinsvoll Dagestad
Ordførar

Web levert av CustomPublish AS Innlogging intranett