A A A Normal Lo-Fi 6 stjerner
Preikestolen © Perly Berge
Du er her: Framsida

Sesongopning: Leirduebanen på Kvelven

Banemeister Florian Schwenke i Forsand Jeger- og Fiskerforening (FJFF), minner om sesongopning av leirduebanen på Kvelven torsdag 12. mai: -Forsand JFF ønsker alle velkommen til ein sosial kveld: -Dette er eit godt høve til å bli kjend med ein sport og eit miljø som kan gje deg mykje moro og livslang glede.

-FJFF oppmodar ungdom generelt, og jenter spesielt, til å nytte høvet - du treng ikkje å ha skutt før, hagle får du låne av oss, og instruksjon får du og.

-Det blir skyting kvar torsdag fram til jakta startar i september, med unnatak for juli - då tek vi sommarferie. Skytinga byrjar kl. 19:00 med oppmøte seinast kl. 20:00. Også i år blir det tre konkurranseskytingar der skyttarane kan måle seg mot kvarandre i uhøgtidleg kappestrid.

Les meir her: Leirdueskyting Kvelven 2016

Web levert av CustomPublish AS Innlogging intranett