A A A Normal Lo-Fi 6 stjerner
Preikestolen © Perly Berge
Du er her: Framsida

Seks stjerner i Kvalitet 2011

Forsand kommune sin nettstad fekk seks stjerner av seks moglege i årets kvalitetsvurdering av offentlege nettstader. Vurderinga vart presentert på Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) sin årlege konferanse "Kvalitet på nett" den 1. desember.
Kvalitet 2011

Dei offentlege nettstadene er vurdert på kriteria tilgjenge, brukartilpassing og nyttig innhald.

Forsand gjekk med dette opp frå tre til seks stjerner sidan samme kåringa i fjor.

Det gode resultatet er ein direkte følgje av ein bevisst haldning frå politisk og administrative leiing for å tilby innbyggjarane gode tenester på nett, og viser at det mogleg også for ein liten kommune å hevde seg blant dei som rår over større ressursar.

Resultatet for Forsand vart ein 28. plass på landsbasis for kommunane, og 3. plass i Rogaland.

Suldal vart beste kommunale nettstad i Rogaland med eitt poeng meir enn Forsand, medan Eigersund tok 2. plass med samme poengsum som Forsand.

Her kan du sjå detaljer frå vurderinga av Forsand kommune: Kvalitet 2011, Difi.no

Web levert av CustomPublish AS Innlogging intranett