A A A Normal Lo-Fi 6 stjerner
Preikestolen © Perly Berge
Du er her: Framsida

Ryfylkebiblioteket er i rute

Åshild Hus, kulturleiar i Forsand kommune, signerte tysdag kontrakt om overgang til nytt felles biblioteksystem og ny portal for lån av e-bøker i Ryfylke. Det er kommunane Forsand, Strand, Hjelmeland, Finnøy, Suldal og Sauda som sidan 2009 har arbeidd med å opprette Ryfylkebiblioteket.
Åshild Hus, kulturleiar i Forsand og Kjetil Hillestad, adm. dir., Bibliotekenes IT-senter
Åshild Hus, kulturleiar i Forsand kommune og Kjetil Hillestad, adm. dir., Bibliotekenes IT-senter

Ryfylkebiblioteket har valt det nyutvikla Micromarc3 og BS Weblån frå Bibliotekenes IT-senter AS.

Felles biblioteksystem vert satt i drift før jul, medan dei som ønsker å låne e-bøker må vente til 1. mars neste år.

I dag har dei seks biblioteka individuelle løysingar frå tre forskjellige leverandørar. For biblioteka er overgang til ei felles løysing ei meget lønnsam investering, og ein føresetnad for å få e-bøker integrert i biblioteka sine katalogar slik dei ønsker.

Lånarar som i dag bruker biblioteka sine tenester på internett vil etter omlegginga møte nye skjermbilder, men funksjonane vil stort sett være dei samme. For dei tilsette på biblioteka betyr overgang til felles biblioteksystem ekstra arbeid, men det er verdt innsatsen, meiner dei. Felles katalog og fagmiljø betyr mykje.

Den store gevinsten for lånarane kjem 1. mars neste år. Då kan Ryfylkebiblioteket endeleg tilby brukarane lån av e-bøker. Med unnatak av eit prosjekt i regi av Buskerud fylkesbibliotek er Ryfylkebiblioteket dei første i Noreg som kan tilby e-bøker til lånarane sine.

At det har tatt såpass lang tid å få dette tilbodet på plass skuldast den norske bokbransjen sin skepsis til utlån av e-bøker frå bibliotek.

Ryfylkebiblioteket er blitt til gjennom tett samarbeid om prosjektet mellom biblioteka i Ryfylke. Prosjektet har fått støtte frå Nasjonalbiblioteket, Rogaland fylkeskommune, Ryfylkefondet og Biblioteksentralen.  

 
 
Web levert av CustomPublish AS Innlogging intranett