A A A Normal Lo-Fi 6 stjerner
Preikestolen © Perly Berge
Du er her: Framsida

Reviderte kyrkjegardsvedtekter

-Kyrkjegardsvedtektene er revidert. Dei er i hovudsak slik som før, men revidert ut frå ny gravferdslov. Det er kyrkjeverge Siv Fossan som melder dette. -Den største endringa er at festetida no er sett til 5 år av gongen, og at festeavgifta som er sett til 100 kr. i året vert krevd inn på forskot.

Det er lenge sidan festeavgifta blei justert, og dei siste åra er avgift ikkje krevd inn sidan beløpet ikkje sto i høve til arbeidet med innkrevjing.

-Revidering av kyrkjegardsvedtektene er noko ein har hatt tanke for å gjera noko med i fleire år, fortel Siv Fossan,  -men ein har ikkje fått høve til å gjera det før no.

Festeavgifta vil bli brukt til vedlikehald av kyrkjegardane.

Du kan lese meir på heimesidene til Forsand kyrkjelyd

 

Web levert av CustomPublish AS Innlogging intranett