A A A Normal Lo-Fi 6 stjerner
Preikestolen © Perly Berge
Du er her: Framsida

Politikarene i Forsand er blitt digitale

Politikarene har lenge hatt ønskje om å lette kvardagen som folkevalt noko ved å slippe dei mange - og ofte tunge - bunkene med papir som naturleg nok har høyrt til vervet. Frå no av skal dei slippe å slepe med seg tjukke bunker sakspapir til møtene - og kanskje blir det og lettare å halde orden i sysakene? Politikarane fekk i alle fall kvart sitt nettbrett i kommunestyremøtet i går som dei skal nytte i sine politiske verv.
Bente May Froli Stangeland
Bente May Froli Stangeland


Ein av dei nybakte digitale politikarane er Bente May Froli Stangeland (Ap):

-Dette er framtida  - spanande! Eg ser fram til å slippe papirbunkene, og trur ikkje det blir vanskeleg - det er allereie oppretta ein eiga konto i nettskyen for oss der me kan synkronisere dokumentar og laste ned sakspapir.

-No brukar eg dataverktøy til dagleg i arbeidet mitt, så eg er van med dette - men eg trur heller ikkje utfordringa vert for stor for dei som ikkje er fullt så vante:

-Nettbrett er jo lagt opp slik at alle skal kunne bruke dei.

Web levert av CustomPublish AS Innlogging intranett