A A A Normal Lo-Fi 6 stjerner
Preikestolen © Perly Berge
Du er her: Framsida

Planar og vedtekter er tilgjengeleg på nett

Arealplanar og vedtekter no er lagt ut på internett for fritt bruk: -Plankart er å finne som ein del av innsynsløysinga kommunen allereie har hatt tilgjengeleg for publikum lenge, men dette vil være et godt verktøy både for profesjonelle og andre som treng plankart og vedtekter.

Innsynsløysinga for kart finn du under menypunktet Snarvegar>Kart.

Vel Grunnkart og Arealplanar i verktøymenyen øvst til venstre under kommunelogo.

Du kan søkje på plannamn, plannr., stad ved adresse eller eigedom, eller du kan zoome inn blant planomrissa som vert vist  i kartet.

Du kan og trykk Vis alle for å få opp ei klikkbar liste over alle planane i kommunen. Du får då opp planområdet kartløysinga og kan klikke på plankart og vedtekter i venstremenyen.

I søkemenyen (forstørrelsesglasset) kan du velje i kommuneplan, reguleringsplan eller bebyggelsesplan ved å hake  av og på dei ulike laga.

Om du ikkje har søkt på eit plannamn eller nummer, må du klikke på planomrisset i kartbildet for å få opp plandokument og tidslinje.

Plankart og vedtekter skal no være tilgjengelege for dei fleste planar.

Planar vert vist fullstendig i målestokken 0-5000. Nokre eldre planar kan vere ufullstendige i sjølve kartløysinga, så det kan være lurt å klikke på Plankart under Plandokument i venstremenyen for å sjå det godkjente plankartet.

Arealplanleggjar Steinar Haaland er glad for at planane no er lett tilgjengelege:

-Dette er godt nytt, både for profesjonelle brukarar, politikarar og andre interesserte. Etter kvart vil me og få på plass ei løysing som gjev publikum innsyn i heile planprosessen, med dokument knytt til planen.

Web levert av CustomPublish AS Innlogging intranett