A A A Normal Lo-Fi 6 stjerner
Preikestolen © Perly Berge
Du er her: Framsida

På tur i heiane med digital informasjon i sekken?

1. desember arrangerer verneområdestyret for SVR eit seminar på Arkeologisk Museum i Stavanger om dette temaet. Arrangørar er SVR, fylkeskommunane i Agder og Rogaland og Arkeologisk museum. På seminaret får vi presentert erfaringar frå eit nasjonalt prosjekt i regi av Norsk kulturråd og erfaringar andre delar av landet med digital tilrettelegging av informasjon om natur og kulturminne.

Seminarprogram

  • Steinar Wergeland, fylkeskartsjef, Kartverket Stavanger: Kart frå heiane i Agder og Rogaland. Kva er digitalisert? Korleis bruke karta?

 Erfaringar med digital tilrettelegging av kulturminne- og miljødata.

  • Marius Kjørmo, Hordaland fylkeskommune: Rallarveg-appen.
  •  Sindre Flø, prosjektleiar Kultur- og naturreiser: Digitale kultur - og naturreiser i Bø og Sauherad.
  •  Sidsel Hindal,  Norsk Kulturråd: «Kultur- og naturreise – eit tverretatleg innovasjonsprosjekt». Erfaringar frå prosjektet og vegen vidare.

 Tilrettelegging og formidling av kulturminne og miljødata i heiane våre.

  • Regionalt gruppearbeid (Setesdal, Ryfylke og Vest-Agder) Korleis satsar vi? Kvar satsar vi? Fordeling av arbeid og ansvar i kvar region.

Påmelding til post@svr.no seinast 20.november.

 

Fullstendig program her.

 

Web levert av CustomPublish AS Innlogging intranett