A A A Normal Lo-Fi 6 stjerner
Preikestolen © Perly Berge
Du er her: Framsida

Oppstart av foreldre & barn gruppe i kantina i næringsbygget i Bergekrossen.

Torsdag 13.sept kl. 11.30 – 13.30 startar vi opp med ”foreldre & barn- gruppe” i kantina i
næringsbygget i Bergekrossen. Alle som er heime med små barn er hjartelig velkomne! Tanken er å skape ein positiv møteplass for både vaksne og barn.

Det er foreldre i samarbeid med helsesyster Ingeborg S. Meyer, som har teke initiativ for å få til endå ein uformell møteplass for foreldre som er heime med små barn.

Kyrkja har i mange år drive ein foreldre & barn klubb (”Tripp trapp – klubben”) på bedehuset kvar tysdag frå kl.10 –12. Dette er eit populært tilbod. I periodar har ein også hatt tilbod om babysong – kurs i tilknyting til desse treffa. Dette flotte tilbode er det også planar om å få til denne hausten.
Foreldre har uttrykt ynskje om ein treffstad også andre dagar i veka. I vår blei det gjennomført ei brukarundersøking ved helsestasjonen. Ein av dei tinga som blei etterlyst var hjelp til å starte opp barselgruppe. Barselgrupper dannes gjerne på helsestasjonen for og av foreldre som er heime i fødselspermisjon. Formålet er å legge til rette slik at foreldre kan treffe andre i same situasjon, bli kjende, knyte nye band, utveksle erfaring og få påfyll som vaksne. Helsesyster bidreg også gjerne med fagleg innhald.
Å ta seg av barn heime er ei utruleg viktig og meiningsfylt oppgåve. Samstundes kan foreldre oppleve at det er utfordrande å bli sett på sida av arbeidslivet og det kollegafellesskapet ein gjerne hadde før ein fekk barn. Mange som er heime med små barn opplever eit sakn etter å møte andre vaksne gjennom av dagen.
Reint fagleg veit ein også at mor si psykiske helse spelar ei viktig rolle for spedbarn og små barn si utvikling. Det er viktig at foreldre har det godt med seg sjølv. Forsking viser eksempelvis at om mor er deprimert vil dette kunne påverke barnet si utvikling på ein negativ måte. Men har mor det bra, betyr det mykje for barnet.
I forhold til gruppa som nå startar opp, ynskjer helsesyster å ha rolle som støttespelar. Det er lagt til rette for at foreldre som er heime med små barn kan møtast til uformelle treff kvar torsdag frå kl. 11.30 – 13.30 i kantina i Næringsbygget i Bergekrossen. På nokre av treffa vil helsesyster kunne bidra med fagleg innhald. Aktuelle tema kan til dømes være; foreldrerollen, psykisk helse, samliv, førstehjelp, tannhelse, gode kostvanar m.m.
 
For spørsmål eller innspel, kontakt Ingeborg S. Meyer på 51 70 03 57 eller ism@forsand.kommune.no.
 
Vel møtt!
Web levert av CustomPublish AS Innlogging intranett