A A A Normal Lo-Fi 6 stjerner
Preikestolen © Perly Berge
Du er her: Framsida

Forsand jeger- og fiskerforening:

Opplæringsjakta for ungdom andre helga i oktober er utsett

Tilsynsjegar Tore Torgersen i Forsand jeger- og fiskerforening melder at den tradisjonelle opplæringsjakta for ungdom er utsett: -Opplæringsjakta for storvilt som var oppsett helga 10-12 oktober går ut, men vil bli arrangert seinare på hausten. Dei som ønsker å bli med på opplæringsjakt storvilt seinare i haust melder frå til meg innan onsdag 15. oktober.

Jakt

Tore seier vidare: -Tilbodet går primært til dei som har fylt 16 år og har teke jeger- og skyteprøve for storvilt, men som treng ein «tilsynsjegar» for å få lov å skyte sjølv. Det er og mogleg for eldre jegarar å bli med. Me tenker då på jegarar som har «papira» i orden, men som har lita eller ingen erfaring med storviltjakt.

-Om du er for ung til å skyte sjølv, men gjerne vil bli med på jakta, går det og bra. Du må då ha fylt 14 år.

-Jakta kan bli lagt opp som posteringsjakt, smygjakt eller ein kombinasjon av disse. Når det er klart kven som har meldt seg på, vil tilsynsjegarane ordne med det praktiske.

Du må vere budd på å stå opp tidleg, og kanskje gå ein del i terrenget!

Tilsynsjegarar er: Geir Lerang, Sigurd Espedal, Arnt Inge Fundingsland og Tore Torgersen.

 

Spørsmål kan stillast til  Tore på telefon 959 91 424 

Grip sjansen og meld deg på!

Web levert av CustomPublish AS Innlogging intranett