A A A Normal Lo-Fi 6 stjerner
Preikestolen © Perly Berge
Du er her: Framsida

Markant auke i folketalet i Forsand

Det var ei auke i folketalet i Forsand på omlag 2 % i 2011. Nye tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) viser at Forsand hadde ei folkemengd på 1190 innbyggjarar 1.1.2012. Ordførar Ole Tom Guse gleder seg over auken: -Dette er ein milepæl for folkeveksten i Forsand - dobbelt så mykje som kommuneplanen legg opp til.

Tal for heile landet viser at nasjonen nærmar seg fem millioner innbyggjarar, demografane seier at det vil skje i løpet av våren, kanskje i mars. 1. januar 2012 hadde Noreg 4 985 870 innbyggjarar, og folkeveksten i 2011 var på 65 565.

Fødselsoverskotet var 18 827, medan innflytting frå utlandet utgjorde 79 498. Trekk ein frå dei 32 466 som flytta ut av landet, utgjorde nettoinnflyttinga til landet 47 032.

Tal for Forsand viser at det vart fødd 16 born i 2011, noko som gav eit fødselsoverskot på 7, og nettoinnflyttinga var på 17 innbyggjarar, av dei 10 frå utlandet. Det var 69 innflyttingar og 52 utflyttingar, noko som viser at det er ganske stor mobilitet i i folkemengda.

-Forsand er godt rusta til å ta i mot fleire nye innbyggjarar framover, noko disse tala kan tyde på, seier ordførar Ole Tom Guse vidare:

-Dei første bustadene i det nye Bergebakkane bustadfelt vil være klare til innflytting neste år.

Les meir om endringar i folkemengd her: Befolkningsstatistikk (SSB)

Web levert av CustomPublish AS Innlogging intranett