A A A Normal Lo-Fi 6 stjerner
Preikestolen © Perly Berge
Du er her: Framsida

Lunsj med Lars Martin Myhre

Det blei ein svært så hyggeleg lunsjpause for dei tilsette på kommunehuset på torsdag då Lars Martin Myhre stakk innom og spreidde humør og varme blant trauste kommunetilsette.

Lars Martin Myhre
Lars Martin Myhre

Det var kulturkontoret som med sine gode kontaktar hadde overtald Lars Martin Myhre å stikke innom siden han alt var i området - han spelte i Hjelmeland onsdag og i Rosehagen torsdag kveld.

Lars Martin Myhre sjarmerte stort med underfundige tekstar, framifrå gitarspill, lun og varm visesang, og glimt i auga mellom låtane.

Lars Martin Myhre kombinerar turnestart i Ryfylke med å hente ny gitar, forøvrig hans andre, hjå Strand Guitars på Jørpeland, og som han snakkar berre godt om:

-Spør du Anne Grete Preus om ho har høyrd om Stålverket på Jørpeland er det ikkje sikkert ho veit så mykje - men spør du ho om Strand Guitars så vil du få høyre ein del.

Mot slutten av konserten tødde sjølv dei mest innbitte seniorbyråkratane opp - me beit oss mellom anna merke i at ein herda hard-core fan av pompøs britisk rock frå 60- og 70-talet lot godfoten gå diskret, medan han - sikkert ikkje medveten om det sjølve - nynna forsiktig med på refrenget.

Les meir her:

Lars Martin Myhre

Strand Guitars

Web levert av CustomPublish AS Innlogging intranett