A A A Normal Lo-Fi 6 stjerner
Preikestolen © Perly Berge
Du er her: Framsida

Kunngjering frå valstyret i Forsand om førehandsrøysting ved..

Har du ikkje høve til å røysta på valdagen kan du røysta på førehand på følgjande stader:

Forsand kommunehus, servicetorget – frå 10.august t.o.m fredag 9.september 2005.

Måndag - fredag frå 09.00 – 15.00

Søndag 4. september kl. 14.00 – 18.00

Onsdag 7.september kl. 17.00 – 21.00

Aktivitetssenteret: Onsdag 7.september kl. 10.00 – 13.00.
Førehandsrøysting i annan kommune:

Du kan førehandsrøysta i den kommunen du sjølv ønskjer. Førehandsrøyster du i ein annan kommune enn der du er innført i manntalet, hugs at røysta di må nå fram til heimstadkommunen din gjennom posten innan kl. 20.00 valdagen 12.september 2005.

Ambulerande røysting:

Veljarar som på grunn av sjukdom eller som er ufør, og ikkje kan røysta på stader som valstyret har vedtatt at det skal mottas førehandsrøyster, eller som ikkje kan kome seg til vallokalet på valdagen 12.september 2005, kan etter søknad få høve til å førehandsrøysta der dei oppheld seg.

Søknad om ambulerande røysting må seinast vera Forsand Valstyre i hende innan onsdag 7.september kl. 15.00.

Siste dag du kan førehandsrøysta er fredag 9.september 2005.


Forsand Valstyre

Ingeborg Søyland
leiar






Web levert av CustomPublish AS Innlogging intranett