Det blei høgtidsstund i siste kommunestyremøte før jul då ordføraren fekk dele ut Kongens fortenstmedalje i sylv til Ester Rettedal. Forsand kommune sin kultur- og miljøpris Ausekaret blei tildelt Olette Erevik, medan Kirsti Nysted og Terje Nysted fekk kvar sin gullklokke for 25 års innsats i kommunen. Solveig Hagen fekk KS-medaljen for fortenestefull samfunnsgagnleg verksemd av særleg betyding for kommunen og for 40 års tenestetid.
Det er ikkje ofte Kongens fortenstmedalje vert tildelt - i går var det høgtideleg overrekking av medalje til Ester Rettedal som føyde seg til dei få i Forsand som kan smykke seg med den ærefulle utmerkinga.
Som det heiter i statuttene for å få medaljen:
-Kongens fortenstmedalje vart stifta av Kong Haakon VII 1. februar 1908. Han blir delt ut "til lønn for fortenster av kunst, vitskap og næringsliv, og for framifrå forhold i offentleg teneste".
Ester Rettedal fekk Kongens fortenstmedalje i sylv for sin eineståande og årelange innsats innafor barne- og ungdomsarbeid i kommunen. Ho har og vært aktiv i foreningslivet og misjonen, og bidratt til kulturlivet. Når me i tillegg nemnar at ho har virka som lærar siden femtitalet, skjønner alle at det er mange i Forsand som kjenner, og har nytt godt av innsatsen til Ester gjennom mange år.
Tidlegare har Alma Hatleskog, Tormod Rossavik og Torleif Hagen fått utmerkinga.
Olette Erevik fek kommunen sin kultur- og miljøpris Ausekaret for sin innsats med å skape varige aktivitetar og leggje til rette for gode møteplassar for barn og unge i bygda.
I grunngjevinga for tildelinga heiter det mellom mange andre godord: "...det du er opptatt av: Å la barn og unge og eldre trivast saman og fylle kvardagen med meiningsfylte aktivitetar".
Kirsti og Terje Nysted fekk gullklokke av kommunen for 25 års trofast teneste: Kirsti har arbeidd heile denne tida i barnehagen, medan Terje har vært rådmann i like mange år.
Solveig Hagen fekk KS-medaljen etter 40 års tenestetid i kommunen tildelt "folkevalgte og tilsette som har utført ein fortenestefull samfunnsgagnleg virksomheit av særleg verdi for sin kommune...".
Forsand kommune gratulerar alle!