A A A Normal Lo-Fi 6 stjerner
Preikestolen © Perly Berge
Du er her: Framsida

INFORMASJONSSKRIV TIL FORESETTE TIL ELEVAR VED FORSAND SKULE

Klorgasslekkasje på Forsand kulturhus - elevane på skulen er evakuert - informasjon til foresette

Lekkasjen oppstod ca kl. 10.30 i dag (fredag 27.09.13) i kjellaren på Forsand kulturhus.  Elevar og lærarar blei difor evakuert.  

Brannvesen med gassdykkarar er i arbeid på staden, og lege og ambulanse er i beredskap. Fylkesvegen og kommunal veg forbi skule og kulturhus var i ein periode stengt, men er no delvis opna for trafikk.

Elevar ved Forsand skule blir sendt heim med skulebussen.  I følgje kommunelegen er dette gassutsleppet hovudsakleg ein vevs-irriterande gass, og skade på menneske er avhengig av eksponeringstid og mengde.  Det er liten fare for at elevar har blitt eksponert for denne gassen.  Dei vanlegaste symptoma er vondt i halsen, sår hals, såre auge og liknande.

Kommunelegen har gitt melding vidare til legevaktsentralen, slik at dei er forberedt på at nokon kan trenge oppfølging i løpet av kvelden eller helga.  Forsand kommune vil legge ut oppdatert informasjon på www.forsand.kommune.no .

Web levert av CustomPublish AS Innlogging intranett