A A A Normal Lo-Fi 6 stjerner
Preikestolen © Perly Berge
Du er her: Framsida

Kafé Mulen – blir lagt ut for privat drift.

Kommunestyret i Forsand har vedtatt å leiga ut kafé Mulen i Forsand kulturhus til private aktørar frå årsskifte 1.1.2016.

 

 

Kafé Mulen har i dag kommunal drift. Opningstidene i dag tysdag og torsdag kl 18 – 21, søndag kl 12 – 17.  I vinterhalvåret oktober – mars også fredagar kl 18-21.

Me er derfor interesserte i å komma i kontakt med seriøse aktørar som kan tenka seg å driva kaféen vidare ev. driva utvida kiosk.

 

Kulturhuset i Forsand er eit kombinert kultur- og idrettshus der det også føregår større arrangement som handballturneringar og interkommunale konfirmantsamlingar m.m.

Då kaféen er ein fin møteplass med eit pulserande liv er det viktig at framtidig driverar ser eit utviklingspotensiale.  Opningstida i dag samsvare med open symjehall.  Det har nyleg vore ei oppgradering av lokala og inventaret, slik at kafeen kan stengast av frå resten av kulturhuset.

 

Det vil bli gitt tilbod om å sjå på lokala og høyra meir om dagens driftskonsept.  Her får ein også meir info om vilkår og kva utstyr som stilles til disposisjon.

Interesserte må gjerne ta kontakt med Eva Landre Meling elm@forsand.kommune.no, tlf 95200841.

I søknaden vil me gjerne få tilbakemelding på kva driftskonseptet ditt er. Det blir stilt krav om ei minimumsopningstid, som tilsvare dagens opningstid.

Ber om at interesserte søkjer skriftleg innan 30. november.

Web levert av CustomPublish AS Innlogging intranett