A A A Normal Lo-Fi 6 stjerner
Preikestolen © Perly Berge
Du er her: Framsida

"Glemselens bekvemmelige letthet"

Jødane i Forsand og Rogaland under krigen

Det var ein tankevekkande kveld på Forsand bibliotek tysdag kveld. Kjersti Dybvig og Tore Hans Mikkelson var invitert av Forsand sogelag til å fortelje om arrestasjonen av jødane i Rogaland under krigen. Jødane blei straks etter deportert til Tyskland og utryddingsleirane der. Kven var disse jødane - og korleis kunne det ha seg at så få brydde seg? Folk måtte jo vite?
Tore Hans Mikkelson
Tore Hans Mikkelson
Kjersti Dybvig
Kjersti Dybvig

Kjersti Dybvig si bok Jøder og politi i Stavanger som kjem ut no i mars fortel historia til fleire av disse jødane - kven var dei, kor kom dei frå, kva hendte med dei? Ho reiser og ein debatt rundt haldningane i samfunnet til jødane, både i mellomkrigstida, under sjølve krigen, og ikkje minst i tida etter krigen. Dybvig fortel at det knapt nok har vært spor å sjå etter jødane i Rogaland i etterkrigstida. Det blei ikkje reist minnesmerke over dei i Stavanger før så seint som 2010. 

Og fleire av disse jødane hadde ei lang historie bak seg i Rogaland, dei hadde venner, naboar, kolleger. Kor var dei når jødane blei deportert? Kva gjorde dei?

Dybvig meiner jødane i Rogaland på mange måter er skrivne ut av lokalhistoria, referansepunktet for folkemordet er flytta frå det lokale til det globale, me har skapt ein avstand som sett oss i stand til å seie at dette ikkje har noko med oss å gjøre. Folkemordet er noko andre må ta ansvar for, dette er ikkje noko me deltok i.

Som eit resultat av denne tenkemåten har jødane i Rogaland forsvunne frå den lokale krigshistoria, hevdar ho.

Dybvig fortalde levande om familiane Fein og Reichwald, der berre Willy Reichwald overlevde folkemordet gjennom å flykte til Sverige.

Du kan lese meir om boka til Kjersti Dybvig her: Jøder og politi i Stavanger, Pax Forlag

Dybvig har og skrive masteroppgåve om jødeforfølginga i Rogaland under krigen, som du kan lese her: Folkemordet i Rogaland - Masteroppgåve av Kjersti Dybvig, UiS

I oppgåva kan du lese meir inngåande om familiane Fein og Reichwald.

Tore Hans Mikkelson fortalde om turen to brør frå Espedalen tok over fjellet til Frafjord i juni 1942 for å besøke familien Fein.

Brørne heitte Reinhard og Gudtorm Mikkelson, far til Tore Hans. Dei var sendt over fjellet av far sin, Mikal Mikkelson. Føremålet med turen var å invitera Julius Fein og kona Rösi til å koma og bu i Espedalen på garden til Mikkelson.

Då dei kom fram, hadde dei og to og eit halvt år gamle Harry Reichwald buande hjå seg, son til Hans og Edith Reichwald. Familien Fein kom aldri til Espedalen. Det gjorde heller ikkje lille Harry. Dei blei deportert til folkemordet.


  1 / 4 
 
Willy Reichwald 
Willy Reichwald
Willy Reichwald, som berga livet ved å flykte til Sverige (Gards- og ættesoge for Gjesdal, indre del - Gudtorm Mikkelson)
 


Web levert av CustomPublish AS Innlogging intranett