A A A Normal Lo-Fi 6 stjerner
Preikestolen © Perly Berge
Du er her: Framsida

Informasjonsmøte om reguleringsplan for tunnelen Espedal-Frafjord

Statens vegvesen inviterer til informasjonsmøte og idédugnad for å finne aktuelle vegtraséar til eit framtidig vegsamband mellom fylkesveg 491 Espedal i Forsand kommune og fylkesveg 281 i Frafjord i Gjesdal kommune.

Statens vegvesen skal sile forskjellige vegtraséar for dagsonene i Nedre Espedal og Frafjord, for å vurdere om traséen frå siste reguleringsplan er optimal. Målet med silingsprosessen er å ende opp med kun ein vegtrasé til planprogram og reguleringsplan.

Statens vegvesen ynskjer å informere om planprosessen og silinga av vegtraséar. Vidare ynskjer vi innspel frå grunneigarar og andre interesserte om aktuelle vegtraséar, slik at desse blir vurdert samla etter dei same kriteria.

I Forsand blir møtet på Forsand kommunehus, Fossanvegen 380, måndag 30. oktober frå klokka 19:00 til 21:00.

I Gjesdal blir informasjonsmøte på Gilja bo- og aktivitetssenter, Kroveien 6, torsdag 2. november frå klokka 19:00 til 21:00.

Du kan også sende oss innspel skriftlig, enten med vanlig post til: Statens vegvesen Region vest, Askedalen 4, 6863 Leikanger, eller med e-post til firmapost-vest@vegvesen.no.
Marker e-posten/brevet med saksnummer 16/139624. Frist for innspel er 9. november 2017.

Kontaktperson: Prosjektleiar Steinar Amundsen, tlf. 51911435, e-post: steinar.amundsen@vegvesen.no.

Meir informasjon er tilgjengeleg på www.vegvesen.no/vegprosjekter/espedalfrafjord

Web levert av CustomPublish AS Innlogging intranett