A A A Normal Lo-Fi 6 stjerner
Preikestolen © Perly Berge
Du er her: Framsida

Informasjon om ny stilling som leiar for førebyggande teneste

Torill Idland starta 10.08.15 i den nyoppretta stillinga som leiar for førebyggande teneste i Forsand kommune.

Torill er utdanna sjukepleiar og helsesøster, og har videreutdanning i leiing og veiledningspedagogikk. Ho er nå i gang med videreutdanning i relasjonskompetanse.

Ho vil ha sitt arbeid med barn, unge og deira foreldre. Dette er eit lågterskeltilbod til alle familiar med barn/ ungdom i kommunen, det er berre å ta kontakt på telefon eller å komma på kontoret på helsestasjonen. Ho vil og være tilstades på skulen fleire dagar i veka, og ha tett samarbeid med alle som arbeider med barn og unge i kommunen.

Viss du kjenner at du vil ha ein å snakka med om ting du strevar med – og er barn, ungdom eller foreldre/ føresette – så er det berre å ta ein telefon eller møte opp på kontoret.

 

Torill kan nåast på tlf 95816099 eller på epost: tid@forsand.kommune.no

Idland Torill - Face.png

Web levert av CustomPublish AS Innlogging intranett