A A A Normal Lo-Fi 6 stjerner
Preikestolen © Perly Berge
Du er her: Framsida

05.12.15 21:00

Informasjon om auka beredskap ekstremver - Synne

Forsand kommune har auka beredskap i forbindelse med varsel om store nedbørsmengder.

Fylkesmannen sendte kl 12:16 ut varsel om at NVE hadde auka alvorlighetsgraden på tidligare varsel frå gult til rødt. Varselet gikk spesielt på kommunane Bjerkreim, Eigersund, Forsand, Gjesdla, Hjelmeland, Lund, Sokndal og Strand. Øvrige kommunar hadde framleis oransje nivå. Varsel sa auka fare for flom saman med oransje varsel for jord/sørpe/snøskred.

Forsand sentrum har fått forholdsvis lite nedbør (ca 45mm frå midnatt til kl 20 lørdag). Større nedbørsmengder har kome i Frafjordheiene og innover i Ryfylke. Dette fører til stor vannføring i bl.a Espedalselva og denne vil auke utover natta. Forsand kommune har hatt sin VA-vakt ute med gjevne mellomrom for å fjerne hindringer i vannvegane slik at ein reduserer muligheten for overvatn. I kveld har vi bemanna Servicetorget på telefon 51700000 og sendt ut folk for å kartlegge.

Dersom du treng å kontakte Forsand kommune er Servicetorget åpent utover kvelden på telefon 51700000.
Utover dette kan du nytte følgjande mobilnummer:

  • Kommunens kriseleiing: Ordførar Bjarte Dagestad 41333785
  • Beredskapsleiar: Steinar Håland 90729110
  • Servicetorget: Ole Tom Guse 91113013

Ved akutt fare for liv og helse SKAL ordinære nødnumre nyttast. Brann 110, Politi 112, Ambulanse 113.
For behov for bistand i forbindelse med pumping, sperring, sikring el.l. kan ein kontakte brannvesenet på 51502200.

Web levert av CustomPublish AS Innlogging intranett