A A A Normal Lo-Fi 6 stjerner
Preikestolen © Perly Berge
Du er her: Framsida

Imponerande sending til Ukraina.

Aktivitetssenteret og brukarane gjer ein kjempeinnsats for barneheim i Ukraina.

Strikkedamer.jpg

I tre år har flittige hender strikka ulike produkt som blir sendt til barneheim og fattige i Ukraina. Garnet dei brukar hentar dei gratis frå Sandnes Ullvarefabrikk. Før dei kan bruke garnet må dei vinna dette opp ettersom det kjem i store «flokete vasar». Også pensjonistar i bygda kjem innom Aktivitetssenteret for å henta garn. Ut av dette samarbeidet kjem det produkt som dei har produsert heima.

Anne Eline på Aktivitetssenteret seier at dei til no har sendt over 40 lappetepper og andre produkt som sokkar, genserar  og gryteklutar mm.

Det er Terje Helgeland som syt for transporten, og til no har det blitt fire til fem sendingar. Terje og Ingfrid er gode støttespelarar, og dei drar sjølv ned for å pakka julegåver som blir gitt til fattige i området.

Frå januar til september i år er det produsert 13 barne-ullbukser, 7 genserar m / luer, 66 gryteklutar, 27 par tøflar, 4 par pulsvantar, 14 luer, 8 pledd, 102 par sokkar og 3 skjerf.

Og som ikkje dette var nok så er det strikka lappar til tre tepper til, som ligg klar for montering.

Vi sender ei stor takk til brukarane av Aktivitetssenteret som gjer ein framifrå innsats !

 

 

Web levert av CustomPublish AS Innlogging intranett