A A A Normal Lo-Fi 6 stjerner
Preikestolen © Perly Berge
Du er her: Framsida

Høgsfjordsambandet runda femti

Travle passasjerar på MF FINNØY i Høgsfjordsambandet blei i går ønska velkommen ombord med marsipankake og kaffe av mannskapet. Kaptein Ingvar M. Fossan sto sjølv for serveringa, som var eit ledd i at sambandet feira femti år med ferjedrift over Høgsfjord.
Ingvar M. Fossan
Ingvar M. Fossan

Det blei ein hyggeleg overfart for passasjerane som nytta høvet til å slå av ein prat med både mannskap og andre kjente i finveret.

Framtida til sambandet blei ivrig diskutert på bildekket, og mannskapet delte ut t-skjorter med trykk som markerte jubileet.

Ordførar Ole Tom Guse som var på veg til Stortinget for samtalar med leiar av transportkomiteen, Knut Arild Hareide, fekk ein ekstra t-skjorte med seg av kaptein Fossan som nytta høvet til kommentaren:

-Kanskje denne kan hjelpe til?

Høgsfjordsambandet starta som eit trekantsamband mellom Lauvvik, Oanes og Forsand i 1962. Då Lysefjordbrua blei opna i i 1997 blei Forsand tatt ut som anløp i sambandet.  

MF HØGSFJORD, som var første ferje i sambandet, gjekk heilt fram til 1978, og hadde plass til 12 bilar. Det var nokon som ved opninga meinte at dette ville dekke behovet for all framtid. Det er vel inga overdriving å seie at kapasiteten var sprengt frå første dag.

Dagens ferje, MF FINNØY har plass til 110 bilar, og avløyste i 2010 MF HØGSFJORD som tok 75 bilar. Dette var for øvrig den tredje ferja i sambandet med namnet Høgsfjord.

Det er MF FINNØY du ser øvst på sida.

Les meir her: Høgsfjordsambandet, Wikipedia

Web levert av CustomPublish AS Innlogging intranett