A A A Normal Lo-Fi 6 stjerner
Preikestolen © Perly Berge
Du er her: Framsida

Utsending av spørreskjema - kartlegging (skjema finn du i neste artikkel)

Heiltid – Deltid:

Ein stor del av dei tilsette i kommunesektoren arbeider deltid, enten uønska deltid eller at dei ønskjer å arbeide deltid. Slik er det også i vår kommune.

Kommunen ønskjer nå å finne meir ut av kvifor det er slik. Frå arbeidsgjevar er det ønskjeleg at fleste mulig arbeider i store/heile stillingar.

Det er nedsett ei arbeidsgruppe med ansvar å gjere denne kartlegginga. Med i gruppa er HTV frå Fagforbundet Laila Espedal, HTV frå Utdanningsforbundet Rune Vidar Olsen, pleie- og omsorgsleiar Grete Strømsmo, personalrådgjevar Siw K. Sundheim og underteikna.

Gruppa har utarbeidd eit spørjeskjema som vil bli sendt ut med det første. Det er ønskjeleg at alle tilsette som arbeider mindre enn 100 % stilling fyller ut skjemaet og sender til kommunen ved Servicetorget eller personalkontoret.

Håper alle med deltidsstillingar tar seg tid til å fylle ut skjemaet – det er på ei A-4 side. Vi oppfordrar deg til å sende skjemaet på e-post.  Du kan då sende det til sks@forsand.kommune.no eller legg det i posthylla til servicetorget.

 

Audun Grødem

Organisasjonssjef

Tlf 51700121/90170218

 

 

Spørjeskjemaet kan du returnere til personalkontoret på e-post: sks@forsand.kommune.no  Dersom du ikkje har e-post kan du sende papirskjema til servicetorget.

Web levert av CustomPublish AS Innlogging intranett