A A A Normal Lo-Fi 6 stjerner
Preikestolen © Perly Berge
Du er her: Framsida

Haglekurs junior

Florian Scwenke, Forsand Jeger- og Fiskerforening (FJFF) melder om ein unik moglegheit for unge skyttarar til å lære seg grunnleggjande ferdigheiter i hagleskyting:

FJFF

-FJFF arrangerar eit haglekurs for unge skyttarar mellom 12 og 16 år over to dagar no i oktober på foreininga sin leirduebane på Kvelven: Kurset tek mellom anna for seg sikkerheit og skyteteknikk, og er eit godt utgangspunkt for framtidige jegarar, men og skyttarar som etter kvart vil satse på konkurranseskyting.

-Kurset er meint for nybyrjarar, men og for dei som har skutt litt frå før - det går over to dagar: 22 - 23. oktober, og det blir tid til litt "skyttarprat" og grilling. Eg oppmodar alle unge som har lyst til å lære meir om hagleskyting til å melde seg på: sett av tid allereie no, og husk at påmeldingsfristen er 17. oktober.

-FJFF er så heldige at vi har fått to glimrande instruktørar med seg på laget: Gro Elise Sjøberg og Connie-Anita Øye, så utgangspunktet er det beste for unge, lærevillige skyttarar.

Du kan lese meir om kurset på heimesidene til FJFF: Forsand Jeger- og Fiskerforening

Web levert av CustomPublish AS Innlogging intranett