A A A Normal Lo-Fi 6 stjerner
Preikestolen © Perly Berge
Du er her: Framsida

FRAMTIDSBYGDA 2020

I 2005 ser det ut som det er ein svak nedgong i befolkninga i BygdeNorge, og mange av dei tradisjonelle næringane gir ikkje nye attraktive arbeidsplassar for unge med lang utdanning. Samtidig viser historia at mange lokalsamfunn har klart å mobilisere ressursar og finne nye utvegar i periodar prega av usikkerhet. Utfordringa er å finne og utnytte dei mulighetene bygdesamfunnet har. Vi som bur i BygdeNorge har ansvar og mulighet til å vere med å påverke framtida vår

Kommunestyresalen, Forsand 29. november 2005 kl 19.30 – 21.30
PROGRAM

”Framtidsbygda 2020”
Gjennomgong av scenarioprosjektet ”Framtidsbygda 2020” – ei framstilling av framtidas bygde Noreg:

Agrobusiness, Motvind, Anti-Jante og Forstadsbygda.

v/ rådgjevar Geir Skadberg, Fylkesmannen i Rogaland, Landbruksavdelinga.

”Korleis ser eg for meg Forsand i 2020?”
v/ Torstein Haukalid, bonde i Forsand

Møtet er ope for alle.

For meir informasjon – ta kontakt med Kari Sand, 950 31190 eller 51743163 eller Halldor Gislason – 91723325 eller 5170 0140.

Arrangør: Forsand kommune og Bygdeutvikling i Ytre Ryfylke
Web levert av CustomPublish AS Innlogging intranett