A A A Normal Lo-Fi 6 stjerner
Preikestolen © Perly Berge
Du er her: Framsida

Framleis forbod mot vass-skuter

Ei ny forskrift frå Miljøverndepartementet vidarefører forbodet mot vass-skuter som har eksistert sidan 2001, men gjev kommunane handlingsrom for områder som ikkje er omfatta av særskilde omsyn. Vernesonane i Forsand er likevel så omfattande at det berre er i eit avgrensa område midt i Høgsfjorden kommunen kan gje dispensasjon.
Vass-skuter
Vass-skuter

Vass-skuter vert likevel brukt - ofte utan omsyn til forbodet - også i Lysefjorden:

Börje Svensson, leiar for Landbruk og miljø i Forsand kommune, fortel at vass-skuter i høg hastigheit ved fleire høve er observert både i Bergevik, Dørvika og ved Eiane.

-Dette er klart ulovleg.

Den nye forskrifta inneheld eit kart over områder miljøvernmyndigheitene har stengt etter å ha vurdert sikkerheit og miljø på førehand. I disse områdene kan ikkje kommunane gje dispensasjon.

Likevel har kommunane plikt til å gje dispensasjon til kjøring med vass-skuter i opne områder om ikkje omsyn til sikkerheit eller miljø talar i mot. Det skal då gjerast grundige vurderingar etter reglane i Naturmangfaldlova.

Det er ikkje berre sjølve sakshandsaminga, strenge føringar frå miljøvernmyndigheitene, og dei omfattande vernesonene i den nye forskriften som legg hindringar i vegen for bruk av  vass-skuter i Forsand:

-Området der ein kan søke om dispensasjon vert trafikert av rutegåande fartøy, andre handelsfartøy som til dømes grusbåtar, og i sesongen av mykje båtfolk, seier Börje Svensson.

-Det ligg midt i leia, og grensar mot Sandnes, noko som gjer at dei må inn i handsaminga. I tillegg er det lagt restriksjonar på ferdsel i seilingsled og gjennom vernesone med vass-skuter. Det kan altså bli vanskeleg å gje dispensasjon når ein ikkje har tilkomst til eit område der ein kan kjøre, sjølv om kommunen i eiga forskrift kan opne ein korridor gjennom verna soner, seier Svensson, som legg til:

-Ingen har søkt om dispensasjon så langt. 

Ordførar Ole Tom Guse har tatt kontakt med Fylkesmannen i Rogaland for å få svar på kvifor heile Lysefjorden er båndlagt:

-Eg stiller meg generelt undrande til så strenge krav til område for vass-skuter. Den er ikkje noko større framandelement i fjorden enn små hurtiggåande båtar med støyande totaktarar.

-Dette forbodet minner meg om ei etterlevning frå tider som då me i Noreg hadde forbod mot bruk av skateboard.

-Eg skulle ønske at me kunne opne opp for køyring i delar av fjorden, som til dømes i ytre del.

Mange av dei som eig ein vass-skuter vil nok være einige i det. Dei vil helst bruke han på fjorden som ein båt, utan restriksjonar i høve til avgrensa tidsrom og område, og utan å måtte søke om særskild løyve.

Dei vil nytte han fritt.

Det er kanskje til å forstå: når ein først har kjøpt seg ein dyr vass-skuter vil ein gjerne bruke den.

Men det er altså ulovleg - om ein ikkje har dispensasjon.


Les meir her:

Vernesoner i Høgsfjord og Lysefjord, kartutsnitt

Forskrift om bruk av vannscooter og lignende, med kartgrunnlag, Lovdata

Framleis forbod mot vass-skuter, Fylkesmannen i Rogaland

Web levert av CustomPublish AS Innlogging intranett